Sluttar med volleyball
Andreas Dahl Thorstensen legg opp som volleyballspelar, og sluttar med det som oppleggar for Førde Volleyballklubb. Tromsøværingen er berre 24 år gamal, men seier han har lyst til å fokusere på andre ting enn volleyball, all den tid det ikkje er mogleg å leve av sporten her til lands.