NRK Meny
Normal

Klarte ikkje å syngje meir etter at mannen døydde - det ga ingen meining for ho

For seks år sidan opplevde folkemusikar Elin Grytting at mannen døydde i armane hennar. Dei neste fire åra klarte ho knapt å synge. No startar eit nytt kapittel i livet hennar.

Elin Grytting

NÆY KVARDAG: Elin Grytting har sin første dag som pensjonist, etter eit langt liv som musikklærar og fylkesmusikar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Det var veldig tungt å skulle syngje. Det har ikkje hatt meining, men no har eg starta litt opp att, seier ho.

I mange år har Elin Grytting frå Sandane drive med musikk. Det har vore levebrødet hennar, først som musikkskulelærar og deretter som distriktsmusikar.

– Det har vore eit mangfaldig yrke. Eg har møtt mange fantastiske folk og har vore så heldig at eg har fått jobba med alle aldrar, frå dei bitte små borna til folk høgt opp i alder. Eg har undervist og har halde konsertar. Eg vil seie eg har leika meg gjennom arbeidslivet mitt, fortel ho.

Reiste frå Bærum til folkedanskveldar i Oslo

Grytting er frå Bærum og det var ikkje ein sjølvfølgje at det var folkemusikk ho skulle drive med. Men musikk starta ho tidleg med.

– Eg har bakgrunn frå korps der eg spelte klarinett. Obo er faktisk hovudinstrumentet mitt. Eg spelte også piano, noko eg byrja med som seksåring. Men då eg var ti blei eg med på ein leikarring og blei glad i den delen av musikktradisjonen vår, seier ho.

Elin seier interessa for folkemusikk forsterka seg utover ungdomsåra og at det etter kvart blei klart kva ho skulle drive med.

– I Bærum var det ikkje mange som forstod kva eg dreiv med. Eg reiste åleine til Oslo for å vere med på folkedanskveldar og Sogn og Fjordane-ringen. Medelevane mine forstod ikkje noko av det og særleg ikkje det eg byrja å kvede. Då blei det stille rundt meg.

Tung tid då mannen døydde

Det var i Oslo ho møtte han som skulle bli mannen hennar, Jan Grytting frå Selje. Elin har mor frå Aurland og hadde vore mykje i Sogn i barndommen. Saman drøymde dei om å reise vestover. Då begge fekk jobb på Sandane, flytta dei dit.

– Eg har aldri vore eit urbant menneske, seier ho.

Ho byrja som musikkskulelærar i 1976. I 1989 blei ho distriktsmusikar og har reist mykje rundt for å spele og syngje for folk.

Men for seks år sidan skjedde noko som endra livet hennar. Mannen Jan døydde av lungebetennelse, i armane hennar heime i stova. Dette har sett eit sterkt preg på ho.

– Han døydde så brått. Ingen forstod at han hadde dobbelsidig lungebetennelse. Då stova var full av helsearbeidarar som prøvde å redde han, var eg rasjonell i tankar og handlingar. Men etter kvart gjekk det opp for meg kva som hadde skjedd.

– Vil alltid etterlate seg eit arr

På den tida underviste ho born i Gloppen og skulle også ha framsyninga med den kulturelle skulesekken.

– Dei blei sett på vent og etter kvart måtte eg ta ein pause frå undervisninga. Eg jobba heller med andre arbeidsoppgåver. Det har vore veldig tungt det å syngje, det har ikkje hatt meining.

– Mange seier at tida legar alle sår. Kva tenkjer du om det?

– Nei, det gjer den ikkje. Såret blir kanskje lukka, men det vil alltid etterlate seg eit arr.

Blei hylla av sine eigne

Men etter kvart som tida gjekk, har lysta på å syngje kome tilbake. Ho har hatt mange store prosjekt og fortel om spennande oppgåver. I helga fekk ho også folkemusikkprisen for 2014 for dei mange åra som musikar. Det betydde mykje for ho.

– Det var totalt uventa. Eg blei tatt på senga, for eg forstod ikkje kva som var i ferd med å skje. Det er stort å bli sett pris på av sine eigne, seier ho.

Sin første dag som pensjonist

I februar blei ho 62 år og bestemte seg for å bli pensjonist. I dag var første dagen utan fast jobb.

– Då eg såg at sola skein i dag tidleg, tenkte eg at eg kanskje har vore ei snill jente i arbeidslivet slik at framtida mi også skal sjå like lys ut. Det var veldig OK, seier ho.

– Kva skal du gjere framover?

– Eg er jo ikkje fylkesmusikar lenger, men eg vil halde fram med å arbeide. No skal eg vere min eigen arbeidsgjevar og setje agendaen for dagen sjølv. Eg trur eg skal få mykje å gjere framover, seier ho.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote