Hopp til innhold

Slutt på tilskota – vankunne, seier filmskaparen

Vikingfilmen «Hemnen» som har vore under planlegging sidan 1999, får ikkje meir støtte frå fylkeskommunen.

Hemnen

– DRAMATISK: Randi Førsund meiner vankunne ligg bak avslaget på tilskot til «Hemnen».

Foto: Oddleiv Apneseth

Filmen har fått fleire hundre tusen kroner i støtte tidlegare, men den siste søknaden på 100.000 kroner blir lagd vekk.

Det er på tide å sette ned foten, seier Aleksander Øren Heen i Plan- og næringsutvalet.

– Vi meiner det no er på tide å seie stopp. Det er eit prosjekt som har gått sidan 1999, og det har vore brukt mykje fylkeskommunale midlar. Vi ser ikkje korleis ein skal greie å lande det med ei løyving på 100.000 kroner.

Berre Olav Klungre frå Kristeleg Folkeparti gjekk inn for å løyve 100.000 kroner til vikingfilmen.

– Alvorleg vankunne

Det er Randi Førsund frå Hyllestad som har arbeidd med filmplanane desse åra. Ho meiner avslaget skuldast mangel på kunnskap om filmbransjen.

– Det er dessverre ei alvorleg vankunne, og det er slik det blir når du er avhengig av å dra kvar einaste løyving gjennom eitt eller anna hovudutval. Det er veldig trist og veldig dramatisk å få dette i ein så kritisk fase rett før realisering.

– På internasjonalt elitenivå

Ho meiner dei som trur at filmprosjektet hennar står i stampe ikkje veit kva dei snakkar om.

– Det er ingen andre prosjekt, korkje Kon-Tiki eller andre, som har gått uavbrote i så lang tid og som har hatt framgang heile tida. No har eg sidan 2012 vore på eit internasjonalt elitenivå innan film.

– Eg er trygg på prestasjonane mine, men framover kan eg ikkje belage meg på dugnad. Eg har ikkje brukt ein time lenger enn noko anna filmprosjekt eg kan samanlikne meg med, seier Randi Førsund.

– No må vi seie stopp

I Plan- og næringsutvalet var det Aleksander Øren Heen og Senterpartiet som kom med framlegget om å ikkje gje meir pengar til filmplanane til Førsund. Administrasjonen hadde innstilt på ei løyving på 100.000 kroner.

– Når det alt er brukt så mykje fylkeskommunale midlar på «Hemnen», er ikkje det eit argument i seg sjølv for å prøve å få finansiert det slik at det blir noko av filmen?

– Det kan det vere, men når vi ser kor lenge dette har pågått er det vår vurdering at no må vi seie stopp, vi kan ikkje halde fram med dette prosjektet. Eg ynskjer dei lukke til og håpar dei finn anna finansiering, men for fylkeskommunen er det ikkje rett å gå vidare.

– Det er andre prosjekt som betre kan nå våre mål om arbeidsplassvekst og auka næringssatsing, seier Aleksander Øren Heen.

No er Randi Førsund redd for at avslaget gjer at kommunane som har støtta filmprosjektet også vil trekkje seg ut.

– Då er det ingenting igjen, og eg veit ikkje kva som skjer no.