Akbar Ganji Foto: Scanpix/AP
Den endelege avgjerda vart teken etter at det i går kom ei uoffisiell melding om at den iranske journalisten Akbar Ganji har avslutta sin sveltestreik i Iran. Det fortel tolken til Alireza, Iraj Godarzi Mokri.
Vil presse det iranske regimet
Seks iranarar som bur i Noreg har sveltestreika sidan 1. august. Målet deira har mellom anna vore å få norske styresmakter til å presse det iranske regimet til å sette fri den politiske aktivisten og journalisten Akbar Ganji. Ganji har sveltestreika i fengselet i Iran i over to månader, og har den siste tida vore innlagd på sjukehus.
Ganji får reise heim?
Men no går uoffisielle meldingar ut på at retten i Iran har lova Ganji at han ikkje skal tilbake i fengselet, og at han skal få reise heim dersom han avsluttar sveltestreiken. Alireza og dei andre iranarene er glade for det norske styresmakter har gjort i saka.
Har fått auka merksemd
Men målet med sveltestreiken var også å få auka merksemd i Noreg kring brot på menneskerettane i Iran. Og dette meiner Alireza dei har klart.
Kampen er ikkje over
Men at sveltestreiken no er avblåst betyr ikkje at deira kamp for menneskerettar i Iran er avblåst. I førre veke var Amnesty på besøk i Florø for å snakke om alternative aksjonsformer, og dette vil Alireza og dei andre no ta med seg vidare.