Dette er svært uheldig, seier generalsekretær i Norsk Organisasjon for asylsøkarar, Morten Tjessem. Det blir mellom anna svært lite å slå i hel tida med i ein svært så passiv periode som kan vare i over eitt år.
-Tilbakesteg
Men Tjessem fryktar meir enn at asylsøkjarane skal kjede seg. Dette set heile integreringa langt tilbake, seier han. Og fryktar at dei som får opphaldsløyve vil bli plassert ut i kommunane heilt utan norskkunnskapar. Då må ein starte heilt på null, seier Tjessem, og det vil ta lenger tid før ein er sjølvhjulpen.
-For dyrt
Men kommunalminister Erna Solberg seier staten rett og slett ikkje har råd til å betale norskundervisning for dei mange asylsøkarane som uansett ikkje vil få opphaldsløyve.
Det er 80 prosent som ikkje får oppholdsløyve, og då blir det for dyrt å lære dei norsk, seier Solberg.
Kuttet i norskopplæringa skal kompenserast med 4,8 millionar som skal gå til andre aktivitetar. Delt på dei 16 000 asylsøkarane som er venta til neste år, blir det 300 kroner per person.
Pengar til eit par kinoturar i løpet av året er inga erstatning, seier Tjessem.
Skepsis til FrP
Tjessem og NOAS blir ikkje meir optimistiske med tanken på at regjeringa no går inn i budsjettforhandlingar med Framstegspartiet. Carl I. Hagen har neppe norskopplæring til asylsøkjarar særleg høgt på lista over saker han skal ha gjennomslag for.