Slutt på nasjonal frøplantasje etter 60 år

KAUPANGER: Milliardar av grantre har kome frå denne frøplantasjen. No er det slutt. Kulturlandskapet skal tilbake til si opphavlege form.

Nils Joachim Knagenhjelm

NYE UTSIKTER: Frøplantasjen har vore i slekta til Nils Joachim Knagenhjelm i generasjonar. No skal det tilbake til slåttemark.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

For første gong ser Nils Joachim Knagenhjelm fjorden frå der han står.

– Det er ikkje mange som hugsar korleis landskapet var før frøplantasjen vart etablert, seier han. Det er han som eig jorda.

– Det blir spennande å få tilbake det opne landskapet.

I vikingtida var Kaupanger ein viktig handelsstad. Stavkyrkja og hovudgarden vitnar om ei rik kulturhistorie. No har også kulturlandskapet blitt freda og skal tilbake slik det var for 60 år sidan, med beiter og slåttemark.

Kaupanger stavkyrkje

VIKTIG KULTURARV: Landskapet rundt Kaupanger stavkyrkje skal tilbake slik det var for hundre år sidan, til beite- og slåttemark.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Frøplantasjen har vore ei viktig næring i Kaupanger. Her har det blitt produsert milliardar av granfrø til heile landet. Men inntekta er ikkje så god som ho ein gong var.

– Etter kvart som samfunnet og prisutviklinga endra seg, har det ikkje vore like lukrativt, seier Knagenhjelm.

No ønsker Skogfrøverket å flytte frøproduksjonen til Austlandet der trea blir planta.

Frå frøplantasje til dyrka mark

Konglene står tette på grantrea som ligg spreidd nedover lia. Frøa har blitt sanka, og plantasjen skal jevnast med jorda.

Med 640 hestar på beltefresen kvernar Benjamin Trondsen opp bit for bit av den gamle granfrøplantasjen. Ved å kverne tre og stubbar til flis blir mykje av næringa liggande att i jorda.

Benjamin Trondsen

STORE KREFTER: Benjamin Trondsen mel grantre og stubbar til sagflis.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er ikkje mykje arbeid. Alternativet er å bruke gravemaskin og bryte opp stubbane. Men då ville ein tatt vekk mykje næring frå jorda, seier Trondsen.

Etter planane skal alt vere klart til slått neste år.

Djupe røter

Det var bestefaren til Nils Joachim Knagenhjelm som grunnla plantasjen på byrjinga av 60-talet. På den tida gjekk det ikkje så bra med jordbruket i Noreg, og mange tydde til skogplanting for å ha eit ekstra bein å stå på. Plantasjen har vore den mest produktive i landet.

– Han har gjort ein stor jobb for skognæringa i Noreg, men no er det slutt, seier Knagenhjelm.

Nils Joachim Knagenhjelm ser utover den tidlegare frøplantasjen sin.

OPE LANDSKAP: For første gong på seksti kan Nils Joachim Knagenhjelm sjå fjorden herifrå.

Foto: Sondre Dalaker / NRK