Hopp til innhold

Slutt på foredling av sild og makrell i Florø

Styret i Pelagia har bestemt seg for å legge ned fabrikken i Florø.

EWOS i Florø og Pelagia Florø

LEGG NED: Slutt på foredling av sild og makrell ved anlegget til Pelagia i Gunhildvågen i Florø.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi er inne i ein trist periode som har vart ganske lenge no. Vi har visst ei stund at det ikkje kom til å vere drift frå 1. januar i 2017, seier Christian Maureira som er tillitsvald i Pelagia i Florø.

Klokka 12.30 onsdag vart dei 60 tilsette ved fabrikken orienterte på eit allmøte om at det no blir slutt på drifta i Florø. Maureira seier stemninga i lengre tid har vore tung.

Pelagia legg ned i Florø

TRIST PERIODE: Christian Maureira som er tillitsvald i Pelagia i Florø.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Folk har jobba her i 25–30 år, enkelte er nesten oppvaksne her i fabrikken, så klart det er trist, seier Maureira.

Færre og større

– Det er ein trist beskjed å gi, men vi gjer dette fordi vi ynskjer å satse på færre og større bedrifter. Vi har i dag for mange små fabrikkar, med for få arbeidsdagar i året, seier divisjonsleiar Magnus Strand.

Pelagia har no brukt fleire millionar kroner på å ruste opp anlegga i Selje, Kalvåg og Måløy. No står den tøffe jobben med personlege møter med dei tilsette i Florø igjen.

– Vi skal no sette oss ned med kvar einskild for å sjå kva moglegheiter som er på andre anlegg i Sogn og Fjordane og elles i landet, seier Strand.

Trist dag

Bosniske Mina Ljevakovic har jobba på fabrikken i Florø i 20 år.

– Det er ein trist dag for meg og alle mine arbeidskameratar.

Ho håpar at prosessen no går fort, og at dei får tilbod om arbeid på dei andre fabrikkane til Pelagia i fylket.

– Eg håpar å kunne pendle til Måløy, der er det betre tilgang på råstoff, slik at vi kan vere sikra arbeid i seks månadar i året, seier Ljevakovic.

Utfordrande for Flora-samfunnet

– Dette betyr at vi får ekstra utfordringar med arbeidsløyse, seier ordførar Ola Teigen (Ap).

Ola Teigen

MEIR ARBEIDSLØYSE: Ola Teigen (Ap) er ordførar i Flora.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Dette kjem på toppen av krisa i oljeindustrien, i tillegg til at kystbyen ligg an til å miste 61 arbeidsplassar ved at Sogn og Fjordane politidistrikt blir lagt ned og Skatteetaten flyttar frå byen. Pelagiabrikken med 60 tilsette, har vore ein viktig arbeidsplass i Florø, ikkje minst for mange førstegenerasjons innvandrarar.

– Det er eit tap at Florø ikkje lenger er ein by der går føre seg produksjon av sild og makrell, seier Teigen.