Hopp til innhold

Slutt på Finnmark-fordel

Regjeringa vil ikkje at selskap registrerte i Finnmark skal ha gunstigare økonomiske vilkår enn andre når dei konkurrerer om til dømes ferjesamband i Sogn og Fjordane.

Regelendringane kjem i samband med statsbudsjettet.

 

- Konkurransevridande reglar

Det var i samband med at det franske storselskapet Veolia leverte billegaste anbodet på ferjedrifta i Indre Sogn - og gjorde det gjennom selskapet Finnmarks fylkesrederi som dei eig, at det kom reaksjonar på konkurransevridande reglar. Finnmark har lågare satsar for arbeidsgjevaravgift enn t.d. Fjord 1, og kan difor levere billegare anbod, vart det hevda.

Tok det opp med Halvorsen

 

Magne Aardal
Foto: NRK

SV-politikar Magne Aardal tok dette opp med finansminister Kristin Halvorsen på eit landsstyremøte i SV for nokre veker sidan, og har no fått svar.

- Dei jobbar med å endre lovverket, og det skal kome i samband med statsbudsjettet nettopp med tanke på å tette desse hola som det franske transportselskapet har nytta og lage eit sikrare regelverk. Det er iallfall dei tilbakemeldingane vi har fått frå Finansdepartementet.