Direktør ved Førde sentralsjukehus, Anne Margrethe Øvsthus, er skuffa over at ei heil pasientgruppa no misser eit viktig tilbod.
Førde sentralsjukehus er det einaste sjukehuset i landet som tilbyr operasjonar for sjukleg overvektige. Men tilbodet har stått i fare fordi avdelinga har mangla økonomisk støtte.
I juni lova Helse Vest at fedmeoperasjonane ved Førde sentralsjukehus skulle halde fram, men i dag kom altså meldinga om at sjukehuset likevel ikkje får dekka kostnadene.
Dermed blir det slutt på eit tilbod som har femna om pasientar frå heile landet. No må sjukehuset avgrense tilbodet til pasientar frå Sogn og Fjordane.