- Dermed må tilbodet leggast ned og det er sterkt beklageleg, seier Sletteskog.
I fjor vår starta dei opp det unike tilbodet til overvektige om å verte opererte for fedme ved Førde Sentralsjukehus og 35 personar har vorte kvitt problema.
-Men slike operasjonar er ikkje lønsame for dei nye helseforetaka, og difor har dei gått med underskot, seier Sletteskog.
Sjukehuset har fått ein straum av folk som ønskjer ein slik operasjon, men no må dei reise til utlandet for å bli kvitt fedme-problema. Sletteskog meiner at også samfunnet kan tene på at folk vert kvitt slike problem.
Men helsedepartementet meiner ikkje dette er deira bord - for dei løyver pengar til helseforetaka som deretter fordeler potten. Det opplyser ekspedisjonssjef i helsedepartementet, Vidar Steine.