NRK Meny
Normal

Slutt på amatørfestivalar

Dei mest erfarne festivalarrangørane i landet samlast i Kalvåg, no skal dei dela erfaringar.

Festivalpublikum
Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

I mars samlast fleire av dei viktigaste folka i norsk musikkbransje til fagfestivalen Stagepass.

Etter Kystfestivalen i Bremanger sakna arrangør Svein Arild Vatsø fagleg påfyll, men fann det ingen stad. Då kom han på å arrangere eit treff for festivalarrangørar.

Vatsø trur det var tilfeldig at Kystfestivalen han arrangerte gjekk i pluss, og han ser eit behov for eit fagseminar etter fleire mislykka festivalar i Sogn og Fjordane. Bransjefolk han tok kontakt med likte ideen, festivalar som går konkurs er eit problem i heile Noreg.

Mykje å læra av å gå konkurs

- Eg hentar inn folk som kan inspirera og fortelje kva ein bør gjere, og kva ein bør passa seg for.

Difor er og arrangørar som har gått på ein smell invitert. I går kom det fram at skattestyresmaktene har krevd Hovefestivalen konkurs. Vatsø ønskjer arrangørane Morten Sandberg og Toffen Gunnufsen velkomen.

- Eg trur absolutt dei har mykje å læra frå seg. Å gå konkurs er nettopp det ein lærer av.

Festivaleliten kjem

Andre store bransjefolk som kjem er Rune Lem i Live Nation, Bård Jørgen Iversen i D.D.E, Thomas Seltzer i Turboneger og Magnus S. Rønningen. Han vil dele sin erfaring om nettverksbyggjing.

- Eg skal snakka om korleis ein kan sørgje for at sitt arangement får mest mogleg merksemd, sel mest mogleg billettar og tener mest mogleg pengar. Det er det det handlar om, seier Rønningen.

Han meiner tungvektarane i bransjen saman kan gje nye og erfarne arrangørar kunnskapen dei treng for å lykkas i festivalbransjen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå