Hopp til innhold

No er mjølkebilane selde - slutt etter 39 år for Nygård Transport

Frå 1. juli er Nygård Transport AS i Lavik historie – etter 39 års drift. Råheim Transport AS i Gaular overtek dei to mjølketransportbilane, rutene og sjåførane.

Råheim Transport - mjølketankbil

NY LOGO: Denne bilen er ein av to som Råheim Transport har overteke frå Nygård.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er vemodig å slutte etter så mange år, men ingenting varer evig. Eg er pensjonist, og då er det greitt at Råheim Transport vil overta, seier Rolf Nygård.

Han starta med anleggskøyring, men frå 1975 har det vore mjølketransport for alle pengane. Nygård har hatt to bilar og har henta mjølk på gardar i ytre Sogn og Sunnfjord.

På desse åra er det mykje som har endra seg.

– Dei små mjølkebruka er vekk, så det blir langt færre gardstun vi skal innom. Men mjølkemengda er like stor.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mjølketankbil på ferja Lavik-Oppedal

PÅ FERJA: Ein av bilane til Rolf Nygård på ferja Lavik-Oppedal i 2006.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Har åtte mjølketankbilar

Det er altså Råheim Transport i Gaular som tek over rutene, bilane og sjåførane til Nygård.

– Med desse har vi no åtte mjølketransportbilar og 18 tilsette, seier dagleg leiar Inge Råheim.

Råheim har no avtale med Tine om mjølkehenting i eit samanhengande område frå Os sør for Bergen, heile Nordhordland, Gulen, ytre Sogn og delar av Sunnfjord.

– Det er eit stort, samanhengande område, og det er ein forholdsvis trygg bransje så lenge mjølkebruka har levelege vilkår, seier Råheim.