Hopp til innhold

Slutt for FotballFlora

Arrangørane av FotballFlora tapte 450 000 kroner på festivalen i helga.

Per Øyvind Helle i HippHipp Flora seier det dårlege veret er grunnen til at konsertane fekk 1 000 færre besøkande enn dei hadde rekna med.

Framtida til både festivalen og arrangørverksemda er usikker, seier han.

– No er det verksemda og våre forpliktelsar som er vårt fokus, men min umiddelbare kommentar er at det er siste gong FotballFlora blir arrangert, seier han.

Mangla 1 000 gjester

Arrangørane hadde tilsaman 1 600 menneske innom fredag og laurdag. Med berre 1 200 på konsertane dei to dagane, vart det alt for lite for å kome i balanse. 400 såg fotballkampen laurdag.

– Det som skulle skaffe økonomi i festivalen er musikkbiten, og der var det svikt på 1 000 menneske i høve til budsjettet, seier Helle.

Dårleg ver

Berre 500 menneske møtte til konsertane fredag.

- Armageddon, ragnarokk... eg veit ikkje kva uttrykk eg skal bruke, men himmelens sluser opna seg og det regna kattar og kaniner eller kva det heiter. Det er ei vesentleg årsak til at det enda opp med 500 menneske, seier han.

Tek ikkje ut løn

Det dårlege resultatet får ikkje berre følgjer for FotballFlora, men også for eventselskapet FotballFlora. No er første prioritet å gjere opp for rekningane og sjå kva som skjer vidare med HippHipp Flora.

- Vi er eit aktivitetsselskap som skal arrangere store og mindre arrangement, og når du får inntektssvikt på 450 000 kroner som vi faktisk gjer her, så får det store følgjer for vår verksemd, seier han og legg til at dei tilsette truleg avstår frå å ta ut løn i tida framover.