NRK Meny
Normal

Slurver du med lysa? Det kan vere livsfarleg

Kombinasjonen av nærlys og tåkelys er trafikkfarleg. Haust etter haust er det likevel fleire bilistar som syndar med ulovleg lysbruk.

Grøftelys

ULOVLEG: Dette er både ulovleg og farleg i trafikken, likevel er det fleire bilistar som køyrer med nærlys og grøftelys.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

– Alt for mange køyrer med både nærlys og tåkelys. Det er ein farleg kombinasjon, og ikkje minst ulovleg, seier Geir Leon Hetle, som er inspektør ved Statens vegvesen.

I haustmørket oppdaga vegvesenet fleire bilistar som brukte billysa feil under ein kontroll i Jølster. Fire bruksforbod blei delt ut for alvorleg feil ved lysbruk.

– Fleire av dei vi stogga var rett og slett ikkje klar over at dei gjorde noko ulovleg. Ein del bilistar køyrer nok med kombinasjonen utan at dei veit om det. Bilistane vi stogga sa i vert fall stort sett det, seier Hetle.

Kvar haust og vinter må vegvesenet ta tak i problemet, og åtvaringa om livsfarleg bruk er den same.

– Mange trur dei ser betre, men dei ser faktisk verre. Tåkelysa blendar møtande trafikantar. Å bruke desse ulovleg øydelegg både ditt, og møtande trafikantar, sitt syn.

Like problematisk er ofte med dei som berre køyrer med eitt lys, manglande bruk av parklys eller baklys som ikkje er på.

Geir Leon Hetle

MANGE VEIT IKKJE KVA LYS DEI BRUKAR: Inspektør for Statens vegvesen, Geir Leon Hetle, seier fleire bilistar ikkje er klar over lysbruken.

Foto: Anna Gytri / NRK

Kan koste deg nokre tusenlappar

Oppdagar politiet at du brukar billyset feil, kan det vere du må opne opp lommeboka.

– Du kan få eit forenkla førelegg på 2550 kroner, men det kan vere at politiet gir deg rettleiing på staden, heller enn bot, seier distriktsleiar for UP på Vestlandet, Terje Oksnes.

Mørketida er høgsesong for trafikkulukker, noko som ofte skjer på grunn av feil lysbruk. UP-leiaren trur mange ikkje er klar over korleis ein skal bruke dei.

– Det er ein jungel av lys i nye og moderne bilar. Bilistane syns kanskje det er vanskeleg å vite kva som er riktig lysbruk når mørket kjem-

Geir Leon Hetle i Statens vegvesen har ei klar oppmoding til kva bilistar bør gjere:

– Skru på billysa og still bilen opp til ein husvegg for å sjå kva som kjem på. Ikkje minst bør du lese instruksjonsboka til bilen, seier han.

Terje Oksnes, UP

FORENKLA FØRELEGG: Tar politiet deg for feil lysbruk kan det vere dei gir deg eit forenkla førelegg på 2550 kroner.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.