NRK Meny
Normal

Sløvåg-avfallet framleis i Gulen

SFT lova at avfallet etter Sløvåg-eksplosjonen skulle vere fjerna før 1. juli.

Opprydning Sløvåg
Foto: MMS: Dag Harald Kvammen Andersen

400 tonn illeluktande avfall etter Vest Tank-ulukka i Gulen vert ikkje fjerna med det fyrste.

Den sterke gasslukta har gjort over 200 personar i området sjuke, og SFT lova i vår at avfallet skulle vere vekke før fyrste juli.

Men avfallet skal i staden pakkast inn i store plastposar.

"Big bags"

– Vi blei orientert på laurdag om at Alexela Sløvåg har pakka dei forureina avfallet i "big bags", fortel seksjonssjef i SFT, Bjørn Bjørnstad.

SFT gav Alexela Sløvåg pålegg om å fjerne avfallet i Gulen innan utgangen av juni. I dag, 1. juli, ligg avfallet framleis på staden i store, tette plastposar.

For pålegget til SFT hadde ein liten opning. Bedrifta kunne alternativt pakke avfallet i tette posar som hindra vond lukt.

Og den varianten valde bedrifta.

Tyskland

– Slik sett har Alexela Sløvåg oppfylt pålegget frå SFT, men alle partane hadde ynskt at det vart sett i verk raskare, slik at avfallet kunne fjernast frå staden tidlegare, seier Bjørnstad.

No skal massane transporterast til Tyskland, og det kan ta opp til ein månad før avfallet fjernast frå Gulen.

Kontakt

– Alexela Sløvåg har sendt ein søknad om transport til Tyskland. Når tyske myndigheiter har ferdigbehandla den, blir den sendt med båt til landet, seier Bjørnstad.

Men dette tar vanlegvis tre-fire veker, sjølv om SFT har vore i kontakt med dei tyske myndigheitene for å sikre at det vert tatt hand om så snart som mogleg.

Ikkje fornøgd

Ordførar i Gulen kommune, Trude Brosvik, er ikkje heilt fornøgd med plastposeordninga.

– Vi skjønar at det tar lang tid å få løyvene ein treng, men vi kjenner oss likevel litt snytt då vi hadde forventa at avfallet skulle vere vekke no. Det betyr mykje for oss at det er fysisk borte, fortel ho.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.