NRK Meny
Normal

Sløvåg-avfallet er ikkje tildekt

Trass i at SFT har hevda at avfallet etter Vest Tank-eksplosjonen no er forsvarleg pakka inn i plast, hevdar naboar det stikk motsette.

Eksplosjonen på Sløvåg
Foto: Wilheim Benidtson

Dei seier dei framleis kjenner kraftig lukt frå anlagget, og at det berre er tull når Alexela Sløvåg seier avfallet er tilstrekkeleg innpakka.

Nabo til tankanlegget, Oddvar Ynnesland, er mektig provosert.

LES ÓG: Sløvåg-avfallet framleis i Gulen

Held ikkje mål

Han seier at storsekkane som avfallet er pakka inn i, ikkje held mål.

– Dei er pakka inn i nokre ordinære "big bags", og dei er jo ikkje tette, hevdar han.

– Så du ser at det lek ut?

– Ja, dei er jo blitt svarte. Om dei hadde vore pakka inn i plast, så hadde ikkje det skjedd, seier Ynnesland.

LES ÓG: – Verste skandalen i historia

Ikkje forsvarleg

SFT sa i går sa at avfallet etter Vest Tank-ulukka som har gjort at vel 200 menneske har fått helseplager, no var forsvarleg pakka inn i plast.

I utgangspunktet skulle Alexela Sløvåg fjerna avfallet til 1. juli, men har i staden fått lov til å pakke det inn i plastsekkar.

Men naboar som har vore og sett på anlegget seier at avfallet ikkje er forsvarleg innpakka.

Oppløysing

Dei hevdar at sekkane lek og er laga av eit stoff som gjer at det kjem til å gå i oppløysning. I tillegg er lukta i området svært sterk om dagen.

Ynnesland trur at berre omlag 10 prosent av avfallet er forsvarleg innpakka.

– Lukta har vore det konstant heile tida. Eg jobbar 500 meter derifrå og det var sterk lukt i dag, seier han.

Pynta på sanninga

Ordførar i Gulen, Trude Brosvik.

Ordførar i Gulen, Trude Brosvik.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I fylgje ordførar Trude Brosvik har fleire i området vore i kontakt med ho for å melde frå om at sekkane er blitt svarte tvers gjennom og at det er avsig frå desse.

I tillegg skal lukta vere forferdeleg.

Ynnesland trur Alexela Sløvåg har pynta på sanninga ovanfor Statens Forureiningstilsyn og spør om tilsynet bryr seg.

Til Gulen

Seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i SFT

Bjørn Bjørnstad ved SFT.

Bjørn Bjørnstad i Statens Forureiningstilsyn seier dei vil kome til Gulen i dag for å sjå på posane. Då skal uansett rapportane frå staten om helseplagene etter ulukka presenterast.

– Vi skal til Gulen imorgon og sjekke om det er tilfelle at avfallet ikkje er godt nok innpakka, seier Bjørnstad.

Dagleg leiar Håkon Ivarsson i Alexela Sløvåg vil ikkje kommentere saka, utover å fasthalde at dei resterande grusmassane etter eksplosjonen er pakka inn i "big bags" i samsvar med krav frå SFT.

Tek ikkje hensyn

Men naboen Oddvar Ynnesland er lei av selskapet Alexela Sløvåg og vond lukt.

– Avfallet skulle vore fjerna for lenge sida. Det er uhaldbart det dei driv med. Dei tek ikkje hensyn i det heile, og berre skurar og går som dei vil, slår Ynnesland fast.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy