Hopp til innhold

Sløkte bilbrann med pulverapparat

Fem personar kom frå det utan skader då bilen dei sat i byrja å brenne mellom Flekke og Dale i Fjaler.

Flekke

– Det oppstod brann i motorrommet. Personane i bilen klarte sjølve å sløkke brannen ved hjelp av eit pulverapparat dei fekk låne av forbipasserande, opplyser vaktleiar Terje Birkeland ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Bilen skal ha vore om lag ein kilometer frå Flekke, ved Strand, då det braut ut brann.

– Det var ikkje noko form for dramatikk, seier Birkeland om branntilløpet som vart meldt klokka 15.24.

Alarmsentralen sende likevel ut lokalt brannvesen for å forsikre seg om at brannen var sløkt.

Ifølgje politiet sin operasjonssentral er dei involverte på ferie, men har tilknyting til området.

– Ingen av dei kom til skade eller hadde behov for legesjekk, opplyser operasjonsleiar Inge Værøy.

Laster Twitter-innhold