Hopp til innhold

Sløkkjer grasbrann

Brannvesenet er no i gang med sløkking av ein grasbrann ved Langevatnet på Værlandet i Askvoll. Politiet skriv på Twitter at det ikkje er fare for spreiing til hus. – Det er førebels ikkje behov for å tilkalle brannmannskap frå fastlandet, seier Oddbjørn Aune ved Alarmsentralen. Han kan enno ikkje seie noko om kor stort område som brenn.