Hopp til innhold

Slo, låste inne og trua med å drepe ekskona

Mannen hevda ekskona øydela kleda og skadde seg sjølv, men vart ikkje trudd i Sogn og Fjordane tingrett.

No er mannen i 30-åra dømd til fengsel i 45 dagar for to valdshandlingar mot den tidlegare kona.

Begge tilfella skal ha funne stad i heimen deira i fjor haust. I oktober skal mannen ha slått slo kvinna med ein sandal, tatt kvelartak, låst henne inne på eit rom og trua med å drepe henne.

Månaden etter skal mannen ha slått henne i ansiktet og overkropp, rive henne i kleda og på nytt låst henne inne på eit rom. Ifølgje kvinna fordi ho overhøyrde samtalar som mannen hadde.

Mannen, som er av utanlandsk opphav, vedgjekk at dei to krangla og at han kasta fjernkontrollen i veggen slik at den vart øydelagt.

Han hevda at kvinna øydela kleda og skadde seg sjølv, og at han prøvde å roe henne ned. Om hendinga i oktober meinte han at forklaringane var fabrikkerte.

Medan kvinna hevda at mannen vart sintare og meir valdeleg etter at han trefte ei anna kvinne, forklara mannen at han ved fleire høve hadde sagt han ynskte å skilje seg. Kona ville ikkje gå med på det.

Påtalemakta meinte valdshandlingane bar preg av mishandling og bad tingretten dømme han til fengsel i 75 dagar for grov kroppskrenking.

Retten delte seg i fleirtal og mindretal i skuldspørsmålet. Mindretalet fann ikkje bevisa sterke nok til å dømme han for valdshandlinga i oktober.

Fleirtalet fann derimot å ikkje feste lit til mannen si forklaring. Dei viste mellom anna til at kvinna har halde fast på forklaringa si sidan første møtet med politiet. Verken legar eller retten fann skadane i samsvar med sjølvskading.

Retten var likevel ikkje samd i kroppskrenkinga var grov.

– I saka her har rettens fleirtal funne det bevist at det har funne stad to valdstilhøve over eit tidsrom på noko over ein månad. Retten finn at dette ikkje er tilstrekkeleg til at tilfellet kan skildrast som «mishandling» i straffelovas forstand, skriv dommarfullmektig Torjus Muri Lundevall.

Til frådrag i fengselsstraffa kjem to dagar varetektsfengsling. Mannen må også betale 30.000 kroner i erstatning til si tidlegare kone.