Hopp til innhold

Slo til tre medruss på russetreff

Russetreffet i Sogndal vart litt i overkant for ein av dei kring 50 samla ungdomane.

Russ

ILLUSTRASJON: Kring 50 russ var natt til torsdag samla til treff i Sogndal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Like over midnatt fekk politiet melding om ein russ som hadde stelt i stand bråk og slått til to-tre andre.

Då politiet kom til staden hadde dei fornærma ungdomane reist frå staden. Den mistenkte vart derimot teken hand om og køyrt heim av politiet.

Det er uvisst om saka blir meld.

Tok fartssyndarar

Onsdag kveld skreiv Utrykkingspolitiet ut 12 forenkla førelegg for høg fart under to fartskontrollar i Førde og Sandane.

I sentrum av Sandane kontrollerte dei farten i ei 50-sone. Høgste målte fart på dei ni fartssyndarane var 68 km/t. I tillegg må tre bilførarar betale for bruk av handhalden mobiltelefon, 11 for manglande bruk v bilbelte. Ein bilførar fekk mangellapp for tekniske manglar.

Mista lappen

I 60-sona på E39 ved Kusslid i Førde fekk tre bilførarar forenkla førelegg for høg fart. Ein bilførar blir meldt etter å ha blitt målt til 90 km/t.

Ein annan bilførar må punge ut 5.200 kroner etter ei forbikøyring på uoversiktleg strekkje.