NRK Meny

Slo til bussjåfør

Fjordane tingrett har dømt ein mann i 20-åra til fengsel i fem månader på vilkår, mellom anna for å ha slått til ein bussjåfør. Sjåføren nekta mannen å bli med bussen til Oslo fordi han var tydeleg rusa. Mannen slo til sjåføren to gonger i ansiktet. Mannen vart og funnen skuldig i å ha oppbevart om lag seks gram heroin.