NRK Meny

20-åring frå Gloppen slo Tarjei Bø med eitt sekund i Stoltzen Opp

20-åringen frå Gloppen vart sjuande beste i Stoltzekleiven Opp. Det kjekkaste var likevel å slå Tarjei Bø.

Tarjei Bø og Erlend Eide

TETT: Det skilde berre eitt sekund mellom Tarjei Bø og Erlend Eide. Eide synst det var stort å slå ein olympisk meister.

Foto: Dag-Arne Eide

Artikkelen er flere år gammel.

Erlend Eide (20) frå Gloppen er nok for mange eit ukjent blad for mange. Men den unge idrettsutøvaren var heilt i toppen under det tøffe motbakkeløpet Stoltzekleiven Opp i Bergen laurdag.

Med tida 09.01 vart han sjuande beste i herreklassen, 39 sekund bak den suverene vinnaren Thorbjørn Ludvigsen. Eide vart også bestemann frå Sogn og Fjordane, berre sekundet føre skiskyttaren Tarjei Bø.

– Kva er mest moro, at du gjer det så bra, eller at du slår Tarjei Bø?

– Det er sjølvsagt at eg slår Tarjei Bø med eitt sekund. Han er olympisk meister i skiskyting, hallo, det er ikkje noko meir å seie om det, seier ein svært nøgd Eide til NRK.no.

Møtte Bø og Hjelmeseth på toppen

Trappeløpet Stoltzekleiven Opp har ein høgdeskilnad på over 300 meter og blir berre brattare og brattare mot toppen. Eide driv med både sykling og springing, og har vore med på Stoltzen Opp ein gong tidlegare.

– I fjor kom eg inn på 09:09, så eg har forbetra meg litt. Men løypa har blitt endra litt, så eg følte den var tyngre, så eg er nøgd med å perse, seier Eide.

Han møtte både Tarjei Bø og skiveteranen Odd-Bjørn Hjelmeseth på toppen. Først trudde Bø at han vart bestemann frå fylket, men det var før Eide fekk vite tida si.

– Eg snakka litt med dei på toppen sidan vi alle var nordfjordingar, men eg veit ikkje heilt kva han synst om at eg vart bestemann frå fylket, seier Eide med eit smil.

Hjelmeseth kom på 28. plass med tida 09:46, eitt minutt og 24 sekund bak vinnaren.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Thorbjørn Ludvigsen var årets Stoltzen opp

TØFT: Thorbjørn Ludvigsen vart årets vinnar på Stoltzen Opp. Ein ung gloppar vart bestemann frå Sogn og Fjordane, med ein sjuandeplass.

– Veldig kjekt å slå Bø

Å slå ein verdsmeister i skiskyting blir uansett noko han kjem til å hugse for alltid.

– Dette er noko av det aller beste eg har prestert, og det er veldig kjekt å slå ein så god idrettsutøvar, seier Eide, men legg til at han trur Bø er mykje sterkare enn han på dei lengre distansane.

Thorbjørn Ludvigsen frå BFG Fana vart den suverene vinnaren med tida 08:22, det er ei tid Eide trur er umogleg for han å kome ned på.

– Den er nok ganske uoverkomeleg, så det er ikkje noko eg tenkjer på. Men skal eg delta neste år, må målet vere pers. Og sjølvsagt å slå dei andre storkarane frå fylket, seier Eide lattermild.

Erlend Eide

SJUANDE BESTE: Erlend Eide frå Gloppen gjorde ein sterk prestasjon under trappeløpet Stoltzekleiven Opp i Bergen laurdag.

Foto: Dag-Arne Eide

På ei av verdas brattaste jernbaner blir skinene ekstra slitte av mykje bremsing. Det krev mykje vedlikehald, før sesongen startar for fullt.
Bilder fra landbruks-og matministeren sitt møte med sinte bønder i balestrand.
12 år gamle Linea arrangerer konsert til inntekt for forskning på den uhelbredelige sykdommen, som ein god ven fekk for ei tid sidan. Og 7.-klassingen venter fullt hus.