Hopp til innhold

Slo seg vrang på utestad, så vart han snill som eit lam

Først slo den unge mannen seg fullstendig vrang ved eit utestad. På lensmannskontoret vart han snill som eit lam.

Politiet i Sogn og Fjordane har ikkje hatt dei store tinga å ta seg i natt, om ein skal tru Twitter-kontoen rett.

Med unntak av ein bilførar som nekta å stogge for Utrykkingspolitiet sin kontroll i Førde, skjedde dei fleste hendingane som venta rundt og etter stengetid for utestadane.

I 0130-tida vart politiet kalla ut til ein utestad der ein rusa ung mann sette seg opp mot vaktene. Mannen vart først teken med til arresten, men viste her så god framferd at politiet skyssa han heim att.

– Han fekk pålegg om å halde seg vekke frå sentrum til dagen etter, opplyser politiet.

Like etter reiste ein patrulje på nytt til ein utestad der det var meldt om amper stemning. Politiet noterte seg namna på dei involverte, men situasjonen vart løyst etter litt mekling.

Like over klokka 02 måtte politiet nok ein gang mekle ved ein utestad. Ein middelaldrande mann nekta å gå, men vart til slutt vist bort med klar melding om å ikkje returnere til sentrum før han hadde sove ut rusen.

Om lag samstundes fekk politiet melding om ei overstadig rusa kvinne som hadde lagt seg til å sove på Storehagen bru. Også det i Førde. Politiet tok hand om kvinna, og køyrde henne til legevakta.

Like før klokka 04 stogga politiet i Førde ein bil som det viste seg skulle vore avregistrert.

– Politiet tok beslag i skilta, og førar tok seg heim utan bil, opplyser politiet.

For å avslutte oppsummeringa, føraren som i 23-tida fredag nekta å stogge for kontroll blir meld. Han vart også fråteken førarkortet.