NRK Meny
Normal

Slo og sparka ein politimann

Ein mann i tjue-åra er i Fjordane Tingrett dømd for å ha slått og sparka ein politimann.

Politi
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

I mars for eitt år sidan skulle mannen i fyllearresten i Eid, etter å ha laga bråk i sentrum i Måløy.

Men han slo seg vrang, og slo og sparka politibetjenten på kroppen og i ansiktet.

Mannen er dømd til samfunsstraff i 45 timar eller subsidiært 30 dagar i fengsel.

Han må også betale 1190 kroner i erstatning til politibetjenten.

Vegopning på Bergum i Førde kommune