Hopp til innhold

Slo løyperekorden på Storehesten

Kenyanaren John Mnangat Sompol vann laurdag motbakkkeløpet Storehesten Opp.

John Mnangat Sompol

John Mnangat Sompol spring inn til siger.

Foto: Eirin Aardal / NRK

21-åringen sette også ny løyperekord med tida 1.04.24.

- Dette er nesten to minutt betre enn Jon Tvedt sin utrulege rekord for eit par år sidan, seier arrangementsjef Helge Kårstad.

Vann 20.000 kroner

Dermed vart kenyanaren 20.000 kroner rikaren. Halvparten av premien er for 1. plassen og den andre halvparten for løyperekorden.

Sompol er ein av fleire løparar frå Kenya som er med i eit prosjekt for å hjelpe gateborn.

- Ein del av pengepremien går til dette prosjektet han jobbar for, seier Kårstad.

Helgheim best blant kvinnene

På dei fem neste plassane var det også kenyanske løparar. Beste nordmann i herreklasen vart Sindre Hoff på ein 7. plass.

Beste kvinne vart Merete Helgheim frå Gloppen Friidrettslagmed tida 1:28:53. På andre og tredje plass kom Therese Sjursen frå Fana og Elisabeth Hildenes frå Eid IL.

Sjå bileta frå Storehesten Opp

Video nsps_upload_2009_6_29_16_3_6_599.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Ny rekord igjen

Også i år vart det sett ny rekord i talet på løparar. Heile 1404 personar i alle aldrar stilte til start.

- Dette har vore eit strålande arrangement, utan store problem i varmen, seier Kårstad.

Han seier at det ved start var omlag 30 grader og på toppen 20 grader.

På sykkel nedover

Anders Løberg
Foto: Eirin Aardal/NRK

Den mest spesielle nedstigninga stod Anders Løberg frå Oslo for. Han hadde ein sykkel med seg på ryggen då han gjekk til toppen og sette utfor på veg nedover igjen.

- Han sykla nedover på baksida av Storehesten med ein spesiell sykkel som er konstruert for sykling i bratt terreng.

Her får du resultata: