Hopp til innhold

Slo laus på kjærasten, så fekk politifolka gjennomgå

Skremt ringde mannen til politiet etter at kvinna hadde slått han i ansiktet med eit belte. Då politiet kom for å hjelpe fekk politifolka servert både spark og bit.

Valdsepisodane mot mannen og polititenestemennene fann stad i Sunnfjord i august i fjor. Ifølgje dommen drakk kvinna den kvelden store mengder alkohol saman den tidlegare kjærasten sin.

Då saka gjekk i Fjordane tingrett i starten av april sa kvinna seg skuldig i det ho stod tiltalt for. Kvinna har forklart at ho hadde drukke så mykje at ho ikkje hugsar så mange detaljar frå kvelden.

Med bakgrunn i hennar eigen forklaring, forklaringane til den tidlegare kjærasten og dei tre politifolka, og bilete av skadane på dei fornærma, meiner retten det er bevist av kvinna var valdeleg.

Nekta kvinna å flytte inn

Ifølgje den tidlegare kjærasten si forklaring gjekk kvelden over styr etter at han nekta kvinna å flytte inn med han. Først slo kvinna til mannen i ansiktet med eit belte, før ho klora, beit og slo han gjentekne gonger i kroppen og i hovudet.

Etter dette tok mannen kontakt med politiet fordi han var redd for kva kvinna kunne finne på. Då politiet kom for å hente kvinna utagerte ho mot tre av dei. Først sparka ho ein politimann i låret og ansiktet, og beit vedkommande i handa.

Kort tid etter sparka ho to polititenestekvinner i ansiktet, før den eine av dei vart skalla til i ansiktet. Då kvinna fekk fjerna handjerna på cella, beit ho den eine politikvinna i armen.

Slepp fengsel

Ifølgje Fjordane tingrett er fengselsstraff utan vilkår hovudregelen i slike saker, og det blir mellom anna vist til at spark mot hovudet kan føre til store skader.

Tingretten har i denne saka teke omsyn til at kvinna har hatt ein svært vanskeleg oppvekst, og at ho framleis er i ein sårbar livssituasjon. Dei meiner difor at samfunnsstraff er meir riktig.

Tidlegare i år vart kvinna dømd for kroppskrenking, etter å ha slått ein ung gut i bakhovudet. Fjordane tingrett har valt å gje kvinna ein fellesdom for desse to sakene.

Kvinna er difor dømd til 88 timar samfunnsstraff med ei gjennomføringstid på 120 dagar. Dersom ho ikkje gjennomfører samfunnsstraffa må ho sone 90 dagar i fengsel. Frå denne straffa blir det trekt frå to dagar for då ho sat i varetekt.