NRK Meny
Normal

Slo laus på glasmåleri på Høyanger kyrkje

Bjørnar Otterstein hadde lagt seg då han fekk telefon om at nokon knuste ruter på Høyanger kyrkje. Synet som møtte kyrkjeverjen gjer han opprørt og oppgitt.

Hærverk på Høyanger kyrkje

OMFATTANDE SKADER: Sjølv om ikkje sjølve Kristus-figuren på glasmåleriet har fått skader, er det ifølgje kyrkjeverje Bjørnar Otterstein gjort store skader på glasmåleriet i korveggen på baksida av kyrkja.

Foto: Bjørnar Otterstein

– Det er ei opprivande oppleving å erfare at nokon fysisk går laus, og knuser og raserer eit sånt bygg, seier kyrkjeverje Bjørnar Otterstein i Høyanger kommune.

Torsdag kveld i 23.15-tida vart han ringt opp av ein av naboane til Høyanger kyrkje. Otterstein var rask å kome seg i kleda då han fekk høyre at nokon dreiv med ruteknusing på baksida av bygget.

– Då vi kom ned til kyrkja var det ingen andre enn han som hadde ringt for å varsle som var der, seier Otterstein.

Slo laus med stålrøyr

Politiet vart kontakta, og i mørket fekk kyrkjeverjen og politifolka etter kvart oversikt over skadane. Otterstein seier det er kasta stein som har knust fleire små vindauge, i tillegg til at vindauga er slått i stykkar fleire stader. Også eit kjellarvindauge av armert glaser knust.

– Det var mykje glasbrot og ein del skade, seier han oppgitt.

Høyanger kyrkje er ei langkyrkje som stod ferdig i 1960. I korveggen av kyrkja er storparten av veggen dekt av eit stort glasmåleriet. Her er det doble vindauge, men fleire stader er det no også gjort skade på dei blyinnfatta vindauga på innsida.

Også eit dørhandtak på ei dør på baksida av bygget er slått tvers av. Ifølgje Otterstein har den eller dei som står bak truleg brukt ei jernstong som slagvåpen.

– Det var eit stålrøyr som stakk opp av bakken på luftinga til den gamle, nedgravne oljetanken. Den er knekt av og truleg brukt til å slå med.

Det er ikkje lenge sidan sist ei kyrkje i fylket vart utsett for hærverk. Før jul vart Eid kyrkje utsett for omfattande skadeverk då ein mann i 20-åra blant anna tømte to pulverapparat inne i bygget.

Høyanger kyrkje

VIGSLA I 1960: Høyanger kyrkje er teikna av arkitektane Arnstein Arneberg og Olav S. Platou på oppdrag frå Norsk Aluminium Company. Kyrkja var gitt som gåve til lokalsamfunnet og vigsla i september 1960.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ber om tips

Otterstein har snakka med folk som gjekk forbi Høyanger kyrkje rundt klokka 22.45 torsdag kveld, og meiner hærverket må ha funne stad i tidsrommet mellom 22.45 og 23.15, då han vart ringt opp.

Politiet har oppretta sak på skadeverket, og ifølgje operasjonssentralen er politiet interesserte i tips i saka. Dei som har det kan ta kontakt på telefonnummer 02800.

Høyanger kommune skriv på Facebook at dei synest det er leitt og trasig at slike ting skjer. Også Otterstein håpar at nokon kan ha sett eller høyrt noko.

– Kyrkja er eit symbolbygg og det kan vere eit symbol som nokon ikkje likar, men det kan også vere rein frustrasjon og fortviling som ligg bak. Men dette var ikkje det ein kan kalle fantestrekar.

– Det skjer oss i sjela når vi opplever dette, seier kyrkjeverja.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.