Hopp til innhold

Sliten Vedvik måtte avbryte intervju etter 10.000-meteren i EM

Marius Vedvik fekk det tungt i 10.000-meteren i EM i kveld. Etter å ha kome i mål sist var han så sliten at han måtte avbryte intervjuet med NRK.

Marius Vedvik etter 10.000 meter

MÅTTE AVBRYTE: Marius Vedvik følte seg svimmel då han vart intervjua av NRK etter løpet.

Foto: NRK

Løparen frå Førde hadde håp om å setje ny personleg rekord då han som einaste utøvar frå Sogn og Fjordane skulle delta i meisterskapen.

Vedvik fekk det likevel svært tungt, og kom i mål heilt sist med tida 30:46,59. Over to minutt bak sin eigen personlege rekord, og to og eit halvt minutt bak gullvinnar Morhad Amdouni frå Frankrike.

– Det var rett og slett ikkje bra nok. Eg var bra med i fem rundar, men så slapp eg, og då skjønte eg at det vart tungt. Far min har lært meg at eg aldri skal gje meg, så eg fullførte, sa Vedvik til NRK etter løpet.

– Han og mor mi er på tribunen, så eg måtte kome meg til mål. Det er ikkje godt nok, det veit eg, men eg kjempa alt eg hadde.

Etter ei kort stund måtte Vedvik avbryte intervjuet med NRK.

– Eg er rett og slett ikkje i god nok form, og eg kjenner eg er svimmel no. Eg vil takke alle som har støtta meg, og eg skal kome tilbake, sa han før han måtte setje seg ned i ei trapp ved sidan av intervjuplassen til NRK TV.

Marius Vedvik etter målgang

LA SEG NED: Løparen frå Førde la seg ned på bana etter å ha kome i mål.

Foto: NRK