Hopp til innhold

Sliten turgåar trong hjelp

Aurland Røde Kors drog til Aurlandsdalen for å hjelpe ein sliten turgåar i kveld. Turgåaren var ikkje sjuk eller skada, men for sliten til å halde fram turen. Men då Røde Kors kom fram til Vassbygdi, møtte dei turfølget som hadde hjelpt den slitne ned frå fjellet.