Hopp til innhold

– Det er ikkje vanskeleg å forstå at dei kan slite med seinskader etter ei slik oppleving

Skrekkslagne bilistar vart innesperra i ein røykfylt og stummande mørk tunnel då semitraileren byrja brenne 5. august i år. Mange av dei som var i Gudvagantunnelen slit med seinskader etter den dramatiske hendinga.

Gudvangatunnelen

SEINSKADAR: Klaustrofobi, hostebyer og psykiske vanskar er noko mange av personane som var i Gudvangatunnelen under brannen i august framleis slit med.

Foto: Arve Veum/Monika Blikås / NRK

Det kom fram på eit møte der dei involverte etatane gjorde opp status etter tunnelbrannen.

– Veldig mange av dei som var i tunnelen har fortalt til politiet at hendinga har vore ei stor belastning for dei.

– Dei merkar psykiske etterverknader, kjensler av klaustrofobi og andre seier dei hostar mykje, seier fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane, Håvard Stensvand.

Innesperra i mørk og røyklagd tunnel

Snart fire månader er gått sidan tunnelbrannen på E16 i Aurland. Ein utanlandsk semitrailer tok 5. august til å brenne inne i den over 11 kilometer lange tunnelen. Brannen utvikla seg raskt og røykla på kort tid heile tunnelen.

Dei rundt 80 personane som var inne i tunnelen har fortalt om dramatiske situasjonar, der dei febrilsk forsøkte å komme seg ut. I alt vart nær 70 personar sende til sjukehus for behandling, til alt hell var berre eit fåtal alvorleg skadde.

I ettertid har det vorte karakterisert som eit under at ikkje liv gjekk tapt i brannen, og at det berre var takka vere heroisk innsats av redningsmannskap at det gjekk så bra som det gjorde.

Fredag var ei rekkje etatar samla til eit evalueringsmøte i Aurland. På plass var helsepersonell, brannvesen, politi, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, dei involverte kommunane, Direktorat for tryggleik og beredskap, Statens vegvesen, Helse Førde og Helse Bergen.

For Fylkesmannen i Sogn og Fjordane møtte både fylkesmann Anne Karin Hamre, assisterande fylkeslege Linda Svori, og fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand.

(Artikkelen held fram under biletet)

Etatane samla seg for å diskutere brannen i Gudvangatunnelen

SAMLA SEG: Ei rekkje ulike etatar var fredag samla for å diskutere brannen i Gudvangatunnelen. Aurland-ordførar Noralv Distad (lengst framme til venstre) er oppteken av at etatane ser ting i samanheng, og slik lærer av den dramatiske hendinga.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Hadde store vanskar med å ta seg ut

Beredskapssjefen seier mange av dei som var i tunnelen då det brann har fått problem i etterkant. Dette er svært viktig å få fram for å kunne gje dei den hjelpa dei treng, meiner Stensvand.

– Det er ikkje noko vanskeleg å forstå at dei har fått slike problem etter å ha vore inne i ein stummande mørk tunnel, innhylla i røyk. Dei måtte gå fleire kilometer for å ta seg ut av tunnelen, der mange slo hovuda sine mot tunnelveggen og mot bilar, seier han.

– Var de overraska over omfanget av slike seinskadar?

– På ein måte, ja. For frå vår side har det ikkje vore retta særleg merksemd mot dette. Difor synest eg det er viktig at det kjem fram i etterforskinga. Dette blir ein viktig del av det samla biletet når vi skal jobbe vidare. Det handlar ikkje berre om umiddelbare skader, men også om langtidsverknadane som kan vere tøffe for dei som var involvert, seier Stensvand.

Var ikkje budd på det som møtte dei

Ein av dei som var med å redde liv inne i den røykfylte tunnelen sommardagen for snart fire månader sidan er Reinhardt Sørensen. Han er røykdykkarleiar i Aurland brannvesen og frykta det verste då dei fekk meldinga om at ein semitrailer stod i brann inne i E16-tunnelen.

Han har opplevd fleire brannar i tunnel tidlegare, men seier ingenting kunne bu dei på synet som møtte dei denne dagen. Fleire gonger køyrde dei røykdykkarbilen inn i tunnelen for å hente ut folk, på det meste hadde han 25 personar inne i bilen, i tillegg til mannskap.

– Det var mykje røyk og vi såg lite, har Sørensen tidlegare fortalt til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vraket er ute av Gudvangatunnelen

UTBREND: Semitraileren som brann var fullstendig utbrend. Her er den henta ut frå tunnelen.

Foto: Johan Moen / NRK

– Stein ramla ned, det var kaos

Snart fire månader etterpå grøssar han framleis av episoden. Etter at brannvesenet hadde fått rydda vekk krasja bilar kunne dei etter kvart ta seg inn til den brennande semitraileren.

– Vi køyrde tre kilometer inn og der vart vi møtte av ein trailer i full fyr.

– Det var stein som rasa ned frå taket, og det var kaos der inne, fortel han om dei dramatiske minuttane.

Brannvesenet har i etterkant av brannen fått ros for innsatsen sin, og Sørensen legg ikkje skjul på at dei strekte grensene sine for å redde ut alle menneska som var inne i tunnelen.

– Då vi høyrde om kva som hadde skjedd i tunnelen fekk vi ilt i magen og frysningar og var sikre på at det ville bli mange omkomne.

– Vi gjorde vårt beste

Etter at brannen var sløkt var det framleis mange personar som ikkje kom seg ut av den mørke og røykfylte tunnelen.

– Det første vi tenkte var at tida spelte ei stor rolle, og at vi måtte gjere vårt beste slik at vi ikkje ville tenkje på det i etterkant.

– Det var viktig for oss å få folk ut av tunnelen raskt. Eg følte vi jobba innanfor grensene for det som er forsvarleg, og eg følte vi hadde kontroll, seier han.

Han seier resultatet fort kunne ha blitt langt meir alvorleg.

– Det var heldig at semitraileren var tom. Hadde det vore lass på den hadde vi ikkje klart å røykdykke inn, fordi det ville ha vore for mykje røyk.

– Brannen kunne vore ti gonger så stor om hengaren hadde vore fullasta, då hadde det vore lite vi kunne gjere, seier Sørensen til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leitar i mørket

LEITA I MØRKET: Store ressursar var tidleg i sving, mange av dei jobba for å prøve å finne årsaka til brannen.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Vil ha samarbeid på tvers

Fire etatar skal sjå nærare på tunnelbrannen i Gudvangatunnelen. Både Vegvesenet, politiet, Direktorat for tryggleik og beredskap (DSB) og Statens Havarikommisjon skal alle gjere parallelle undersøkingar og skrive kvar sine rapportar.

Ordførar i Aurland, Noralv Distad, fryktar at samarbeidet mellom etatane ikkje blir godt nok.

– Det er heilt nødvendig å ha slike møte for å understreke kor viktig det er at vi ser ting i samanheng.

– Eg meiner vi må unngå at det blir levert delrapportar litt no og då, med ulike fokus. Vi er avhengige av at vi ser ting i samanheng, er den klare oppmodinga til ordføraren.

– Vi må lære av det som skjedde

Han seier han vil ta denne oppgåva på alvor, og jobbe hardt og målretta for å få etatane til å samarbeide om etterarbeidet slik at flest mogleg kan lære av det som skjedde.

– Vi har mange tunnelar i heile landet, og spesielt mange i fylke som til dømes Sogn og Fjordane.

– Dette handlar om tryggleiken til trafikantane, det skal vere trygt i tunnelane og dei skal vite at dei får hjelp om det skjer noko. Skal vi bli betre, må vi lære av denne hendinga, og overføre det til andre, seier Distad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arbeid i Gudvangatunnelen

STENGD: Gudvangatunnelen opna for fri ferdsel først ein månad etter brannen. Årsaka til stenginga var reparasjonar og utbetring. Tunnelen opna etter ei tid for kolonnekøyring for store køyretøy, og etter kvart også for småbilar.

Foto: Arne Veum

Sjåfør framleis utan lappen

Også beredskapssjefen i Sogn og Fjordane meiner det er svært viktig at ein kjem saman for å diskutere tunnelbrannen på tvers av ulike etatar.

– Det er potensial for å bli betre. Det var tre naudmeldingssentralar, ein vegtrafikksentralar, og i tillegg ligg tunnelen nær fylkesgrensa. Dermed fekk ein ytterlegare eit politidistrikt og eit anna helseføretak.

– Plutseleg var det veldig mange institusjonar som skulle samarbeide, og då er det viktig med gode rutinar, seier Håvard Stensvand.

Den 28 år gamle polske lastebilsjåføren som køyrde semitraileren vart kort tid etter brannen fråteken førarkortet og sikta. Siktinga gjeld for å ha ført eit køyretøy han visste at ikkje var i forsvarleg stand, noko politiet meiner kunne ha ført til at menneskeliv gjekk tapt.

Mannen har framleis ikkje fått tilbake førarkortet. Retten gav politiet medhald i å halde på førarkortet fram til saka mot han er endeleg avgjort. Det lengste dei kan halde førarkortet er til 5. februar.