Hopp til innhold

Slit med dårleg samvit etter Utøya

Born og unge slit med dårleg samvit etter Utøya-tragedien. Mange synst det er vanskeleg at dei framleis bryr seg om kvardagslege ting.

Utøya

DÅRLEG SAMVIT: Mange unge føler dårleg samvit fordi dei kjenner på sine eigne daglegdagse problem i tida etter Utøya-tragedien.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Mange av dei som ringer Røde Kors sin hjelpetelefon «Kors på halsen» seier dei har dårleg samvit for at dei framleis er opptekne av daglegdagse tankar og bekymringar.

- Dei synst det som har skjedd er forferdeleg, men tenkjer framleis på sine eigne problem og utfordringar. Det opplever mange som vanskeleg, seier Merethe Sørensen i Røde Kors til NRK.no.

- Ikkje lov å ha det vondt når andre har det verre?

«Kors på Halsen» er Røde Kors sin hjelpetelefon for born og unge. Og denne sommaren har dei snakka mykje om terroråtaka mot Oslo og Utøva 22. juli. Til saman mista 77 menneske livet – mange av dei unge menneske som vart drepne på AUF sin sommarleir på Utøya.

Fleire av dei som ringer hjelpetelefonen seier dei har dårleg samvit fordi dei framleis er opptekne av sine eigne bekymringar.

- Dei opplever at det er like vondt å ha kjærleikssorg, like vondt å oppleve å ikkje bli sett eller å ha konfliktar i venegjengen, seier Sørensen om uroa innringarane fortel om.

Men å uro seg for sine eigne problem er for vanskeleg å takle når dei samtidig veit at mange på deira eigen alder er midt oppe i ei krise, fortel Sørensen.

- Det er kanskje slik vi er, at vi tenkjer at vi ikkje burde kjenne på at vi sjølv har det vondt når andre har det verre.

(Artikkelen held fram under biletet)

blomsterhavet utenfor domkirken

BLOMSTERHAV: Terroråtaka mot Oslo og Utøya har skaka ei heil verd. Biletet er frå området utanfor Domkirken i Oslo der mange har lagt ned blomster og helsingar.

Foto: Henrik Lied/NRK

- Det er lov

Sørensen meiner det er difor er viktig å la borna vite at det er greitt å la livet gå vidare.

- Når dei ringer oss seier vi at det dei tenkjer på er like viktig for deg som andre ting er for andre, og at det er heilt lov å tenkje slik, seier Sørensen til NRK.no.

Om ikkje lenge startar skulane opp att og for skular over heile landet vil det vere naturleg å ta opp og snakke med elevane om terroråtaka 22. juli.

Rektor ved Naustdal barne- og ungdomsskule, Kristen Friis seier dei vil svare på spørsmål frå elevane, men at det samtidig skal vere plass for at elevane viser glede for å vere attande på skulen.

- Dette er ein balansegang. Det er viktig at vi gir uttrykk for at det er lov for ungane og også fortelje om positive og fine opplevingar dei har hatt i sommar, seier Friis til NRK.no.