Håvard Wiker i gjeldsnemnda seier dei jobbar med ulike alternativ, og at dei set si største lit til at bankane går inn med pengar. Men her sender bankane ut ulike signal. Medan informasjonsdirektør i Gjensidige NOR Sparebank, Frode Helgerud, seier det ikkje er deira oppgåve å betale lønningane, seier administrerande banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, at det kan bli aktuelt å betale lønningane. Men betingelsen er at gjeldsnemnda kjem med ei løysing raskt. Kva han legg i det vil han ikkje utdjupe.
Eit anna alternativ er at eigarane frå Bahrain betalar lønningane, og gjeldsnemnda skal møte representantar for eigarane på sundag. Det var dei som måtte trø til og betale løna direkte for ein månad sidan. Spørsmålet er om viljen til å pumpe nye pengar inn i den skadeskotne verksemda er til stades.
Men uansett har gjeldsnemnda det travelt. Dei tilsette ved Fundo krev nemleg å få pengane sine utbetalt før klokka 16 måndag ettermiddag. Advokat Anders Folkman, som representerer 350 av dei tilsette, seier han set si lit til at gjeldsnemnda finn ei løysing. Men får dei ikkje pengane til klokka 16 må dei vurdere situasjonen på nytt.