Hopp til innhold

Slit med å få selje HV10-bygga - er opne for andre løysingar

Stiftinga Bergen Diakonissehjem i Bergen har enno ikkje fått kjøparar til dei tidlegare HV10-bygningane i Jølster etter at det har lege ute for sal sidan i fjor haust.

Tidlegare HV10-hovudkvarter på Skei.

FLEIRE BYGG: Trass i at dei tidlegare HV10-bygningane har lege ute til sals sidan i fjor haust, er husa framleis ikkje selde.

Foto: Livsmeistringssenteret

Diakonissehjemmet kjøpte bygget i 2005 og gjorde det om til eit livsmeistringssenter, men måtte etter kvart innstille drifta på grunn av manglande økonomi.

Eigedomssjef i stiftinga, Knut Tore Algerøy, seier dei framleis jobbar med å selje bygningane, men er opne for andre løysingar.

– Vårt hovudfokus er at det framleis skal liggje ute for sal. Men samtidig prøver vi å ha fleire tankar i hovudet samtidig, og er opne for å lytte dersom det er noko som kunne ført til aktivitet i bygget, seier eigedomssjef i stiftinga, Knut Tore Algerøy.

Fleire har vore interesserte

Livsmeistringssenteret på Skei kjempa heilt frå starten for å få statlege løyvingar inn i drifta, men den førre regjeringa med Arbeidarpartiet i spissen var negative til det, og til slutt gav Haraldsplass i Bergen opp drifta.

No prøver dei å selje bygningane som har ein verditakst på 11,8 millionar kroner. Det har vore fleire interessentar, men ingen handel så langt.

Samtidig har einskilde personar lokalt meint at det kanskje kan vere grunnlag for ny drift med ny regjering.

Er opne for initiativ

Judit Kapstad, i Jølster Venstre sa tidlegare i vår dette:

– Eg håpar på at vi får ein reaksjon på det, og ser om det er politisk vilje til å ta det opp att, sa Kapstad då.

Men førebels er ikkje den politiske viljen komen til syne, og Algerøy meiner den må komme utanfrå. Stiftinga sitt styrevedtak om sal står ved
lag.

– Viss det er politisk vilje, og ein ønskjer aktivitet, så hadde det vore ønskjeleg frå stiftinga si side. Men vi vil ikkje gå inn og starte opp noko utan at andre er med. Men vi er opne for å føre samtaler med alle dei initiativ som måtte komme, seier Algerøy.