Jobbar dag og natt, men slit med å lage nok iskrem

Sommarvarmen har gjort nordmenn storforbrukarar av iskrem. På Alm Gard i Feios slit dei med å halde tritt med etterspurnaden.

Sommarvarmen har gjort nordmenn storforbrukarar av iskrem. På Alm Gard slit dei med å halde tritt med etterspurnaden.

– Vi såg dei gode vêrmeldingane og så begynte bestillingane å komme. Til slutt var vi nesten redde for å ta telefonen, seier Guus Morel.

Klokka er halv ti om morgonen og Guus Morel står klar til å køyre ein varebil fullasta med is som skal til Sogndal og Lom. Men først må han mjølke kua.

– Eg fekk ikkje tid til det i går, seier Morel, i det han tek på seg støvlane og går inn i fjøsen.

Guus Morel ved mjølkebøtta

EIGENPRODUSERT: Dei fleste råvarene som skal i isen blir produsert på garden. Mjølkinga gjer Guus Morel for hand.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

No i sommar er det berre ei ku på garden, resten er til fjells. All mjølkinga vert gjort for hand.

Frå jord til bord

– Dette er byrjinga av heile isproduksjonen, seier Morel, i det lyden av dei kvite strålane som treff botnen av bøtta blandar seg med kaklinga frå ein flokk med høner.

Også dei tek del i iskremproduksjonen. No er dei innestengt, men dei får lov til å gå ut omtrent klokka eitt når alle har klekka egg.

I isproduksjonen i Feios brukar dei mjølk, fløyte, egg, frukt og bær frå eigen gard og ein stor del av iskremen er økologisk.

– Vi tykkjer det er artig å ha heile prosessen sjølve, frå møk, til gras, til mjølk og til is. Heile kretsen betyr at vi også leverer sjølve. Frå jord til bord, seier Morel.

Saman med kona Laurien Geerse flytta han og familien til Feios i 2004. Draumen var å drive ein gard i pakt med naturen, langt frå den travle kvardagen i Nederland.

Jobbar døgnet rundt for å lage nok is

I 2005 starta dei opp iskremproduksjon, litt ved ein slump.

– Vi var på besøk hos nokre nordmenn. Det kom ein stor boks med is på bordet og den var tom når besøket var over. Så sjekka vi litt og fann ut at nordmenn er i toppen når det gjeld forbruk av is. Då tenkte vi det kunne vere ein god idé, seier Morel.

Inne i produksjonslokalet er kona Laurien Geerse i full gong med dagens iskremproduksjon. Dei har ingen fast tilsette, men hyrer inn ekstra hjelp når det trengst.

I sommar har dei produsert 500–600 liter is i veka, mot om lag 200 liter på eit vanleg år. Så kapasiteten er sprengt. Laurien Geerse har ofte måtta jobbe frå fem om morgonen til ti om kvelden for å rekke over alt.

– Eg har som prinsipp at vi aldri skal seie nei til kundane våre. Om eg så må jobbe om natta. Men no i år har kundane måtte vente av og til, seier Geerse.

Hønene slepp ikkje ut før dei har lagt egg

FRI: På garden blir det produsert yoghurt-, sorbé- og fløyteis i opptil 30 ulike smakar. Fleire av sortane er også økologisk produserte.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Alle vil ha is

– Men vi er heldige som har fått med sonen vår, eit barnebarn, Simon frå England, og, ein til to gonger i veka, ei jente frå Vik som er med og hjelper. Så vi klarer det, men det er tungt, seier Geerse.

Dei produserer tre typar is: yoghurt, sorbé og fløyteis, med om lag 30 forskjellige smakar. Mesteparten sel dei til Sogn og Fjordane, Hordaland og Lom. Men ein del av isen vert òg sendt til Oslo.

Dei er ikkje åleine om å slite med å halde tritt med etterspurnaden.

– Eg har sett i fryseboksane til daglegvarebutikkane at andre leverandørar har problem med levering dei òg. Eg kan sjå heilt i botnen av fryseboksane og det ser eg ikkje til vanleg. Vi har slite med å levere nok, men eg trur vi har klart det. No er det fine vêret over så no skal det roe seg. Håpar eg, seier Morel.