NRK Meny
Normal

Presenterer nye svar på helseundersøkinga

Fire og eit halvt år etter Vest Tank-ulukka i Sløvåg, slit innbyggjarar framleis med helseplager.

Bjørg Eli Hollund sjekkar målinga når Hugo Solhaug pustar det han er kar om.

UNDERSØKING: Bjørg Eli Hollund

Foto: Endre Hopland / Avisa Nordhordland

Etter eksplosjonen ved tankanlegget for fire år sidan, opplevde mange alvorlege helseplager .

Under eit folkemøte i Gulen på tysdag får innbyggjarane høyre at nokre framleis slit med helseplager etter utsleppa.

– Det er færre som har psykiske plager og stressreaksjonar. I 2008 fann vi at 39 hadde stressreaksjonar. No er vi i underkant av 20, seier Bjørg Eli Hollund, prosjektleiar for undersøkingane.

Førebelse resultat

Folkemøtet i Gulen

FOLKEMØTE: Under eit folkemøte tysdag får innbyggjarane i Gulen høyre resultata frå dei siste helseundersøkingane. Biletet er frå eit tidlegare folkemøte.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Kring 200 personar hadde til dels store plager som kvalme, irritert hals og irriterte auge i etter at to tankar ved anlegget i Sløvåg eksploderte 24. mai 2007.

Eksplosjonen resulterte i ein svær brann, der store mengder røyk og gass blei spreidd i området. Året etter bad Helsedirektoratet om ei omfattande helseundersøking av dei som vart råka .

Dei endelege resultata blir lagt fram i 2013, men ei spørjeundersøking frå 2010 vil vise nokre av dei førebelse resultata.

– Plagene er litt mindre hos dei som hadde plager sist, og det er nokre som er kvitt plagene, seier Hollund.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video nsps_upload_2009_6_29_18_17_8_613.jpg

SJÅ TV-SAK: Helseundersøkinga er klar.

Folkemøte

Under eit folkemøte i Gulen tysdag får innbyggjarane høyre kva dei siste undersøkingane viser.

Hollund kan ikkje seie noko meir om dei fysiske skadane til folk i dag, men spørsmåla dreier seg om spesifikke plager.

– Det går spesielt på desse stressreaksjonane. Det går på symptom på øvre luftvegar som er nase, svelg og auge. Og nedre luftvegar som går på dette med tungpust, andpust, hoste og liknande, seier ho.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.