Hopp til innhold

Dette museet er falleferdig - no heng rehabiliteringa i ein tynn tråd

I fjor garanterte fylkestinget for renter og avdrag på eit lån for å få rehabilitert det falleferdige Kystmuseet i Florø. No står ikkje lenger garantien ved lag. Dermed ser det mørkt ut for planane om å rehabilitere bygga.

Kystmuseet i Florø

SLIT: Kystmuseet i Florø har eit sterkt behov for vedlikehald.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Fylkestinget sa i fjor haust at dei kunne garantere for renter og avdrag i budsjettet. Men slik situasjonen er no, har eg fått signal frå fylkeskommunen om at dei ikkje kan stå ved den lovnaden. Og då har vi eit stort problem, seier styreleiar i Musea i Sogn og Fjordane, Harry Mowatt.

Dei har også søkt Flora kommune om økonomisk stønad for å få gjort høgst naudsynt rehabilitering av Kystmuseet.

– Dei har sagt at dei er med på å garantere for renter og avdrag på eit lån, seier Mowatt.

Ikkje mogleg å lånefinansiere

Kalkylen for å få bygningane i orden att, ligg på 13 millionar kroner.

– Det er snakk om å reparere betongskadar. Betongen har forvitra slik at armeringsjarnet ligg ope og rustar, seier Mowatt.

Harry Mowatt

UROA: Styreleiar i Musea i Sogn og Fjordane, Harry Mowatt, fryktar for kva som skjer med rehabiliteringa av Kystmuseet.

Foto: NRK

Han understrekar at arbeidet med å reparere dette skulle vore gjort for lenge sidan.

– Vi får problem no når fylkeskommunen seier dei ikkje kan stå ved løyvinga. Når det gjeld opningsutstillinga i Balestrand og det nye båtmagasinet vi skal ha i Florø, så kan vi til nød lånefinansiere det og føre det mot balansen, seier Mowatt.

Men når det gjeld ein så stor reparasjon er det ikkje mogleg å gjere noko slikt.

– Det går berre ikkje, seier Mowatt.

Planke fall i hovudet på musikar

Kystmuseet har hovudbase i Florø med tre moderne museumsbygg og eit uteområde med tilflytta hus. Museet har også anlegg i andre kystkommunar i fylket.

I årevis har det vore kjent at Kystmuseet er i dårleg forfatning. I 2012 fortalde museumsdirektør Berit Høyvik at kystmuseet rotnar på rot, med omfattande rustskadar, ein grunnmur som bikkar mot sjøen og vassinntrenging.

Under valkampen i 2011 losna ein planke på veggen innvendig då dåverande statsminister Jens Stoltenberg var på vitjing. Planken ramla ned og trefte pianisten som skulle underhalde midt i hovudet.

Musikaren fekk lettare skadar etter hendinga, og Florarevyen måtte avlyse revyen sin det året fordi musikaren vart sjukmeld på grunn av kraftig hovudpine og vond nakke.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Plankefall på kystmuseet i Florø

HER FELL PLANKEN: Midt under talen til noverande fylkesordførar Åshild Kjelsnes, losna planken frå veggen og deisa i hovudet på pianisten.

Må ha ny drøfting

– Hovudbygninga har stått til forfalls sidan 2005 utan at det har vorte gjort noko med det. Dette er eit problem som vi har arva, seier Mowatt.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane vart ikkje stifta før 2009, og forfallet ved Kystmuseet hadde då lenge vore eit kjent problem.

– Det må gjerast noko, elles vil huset forvitre, seier Mowatt.

I utgangspunktet var planen å starte arbeidet så raskt som den fylkeskommunale garantien var på plass.

– Vi var klare til å prosjektere det og få det ut på anbod. Men slik stoda er no, ligg vi litt på vent. Vi må ha ein ny drøfting med fylkeskommunen på det, seier Mowatt.

Meiner ingenting er bestemt

Fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad, understrekar at sjølv om Musea i Sogn og Fjordane har fått signal om at ein lånegaranti ikkje er på plass, så er ingenting endeleg avgjort.

– Førebels er det ingenting som er nulla ut. Vi har eit innsparingskrav over oss, og vi må greie ut korleis det skal gjennomførast, seier Erikstad.

Erikstad8

VURDERINGAR: Fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad, peikar på at ingen beløp er nulla ut.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ho peikar på at det skal gjerast mange vurderingar og utgreiingar før ein kjem fram til kven som vert råka av innsparingane.

Men ho forstår at mange er uroa for sine prosjekt rundt om i kommunane.

– Mange ser nok at dette er ein alvorleg situasjon, og eg forstår at folk kan bli uroa. Men enn så lenge er det ingenting som er bestemt, seier Erikstad.