NRK Meny
Normal

Gjer seg klar til kamp for flyplassane

Ordførarane i flyplasskommunane Gloppen og Gaular sliper knivane og gjer seg klar til kamp. Snart kjem Avinor si tilråding til framtida for flyplassane.

Anders Ryssdal

GIR IKKJE OPP: Anders Ryssdal er ordførar i Gloppen. Han vil kjempe hardt for flyplassen på Anda.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Trassa alle lokale uttalar, så fryktar eg at dei vil kome med eit nedleggingsforslag. Det byggjer eg på at Avinor har skissert scenario utan Sandane lufthamn, seier Gloppen-ordførar Anders Ryssdal (Sp).

Ordføraren i Gloppen ventar i spenning. I fylgje Avinor er utgreiinga om kor mange flyplassar vi skal ha i fylket klar i starten av mai.

Regjeringa har bedt om rapport og vil ta stilling til planane, truleg må ein vente til Nasjonal transportplan om to år før ein veit kva som skjer til slutt.

Det er uklart kva råd Avinor kjem med om få veker, og kor nøye konsekvensane er kartlagt, men uansett kan det gå mot ein lang og seig flyplassdebatt i fylket.

Vil slipe knivane

Sandane og Førde lufthamn Bringeland vart av Avinor i vinter sagt å vere mest utsette, men Høgre-ordførar Matias Råheim i Gaular er kampklar.

– Det er jo spennande dagar vi går i møte. Dersom Avinor tilrår at Bringeland skal leggjast ned, så må vi slipe knivane enda meir, meiner Råheim.

To år med flyplassdebatt og nye sentraliseringsskuldingar mot regjeringa fram mot Nasjonal transportplan er ikkje noko Høgre-ordføraren ser fram til.

Trur Stortinget stansar

Han vel å vere optimist, og trur ikkje Avinor vil tilrå nedlegging i Førde. Likevel er argumenta i ferd med å verte finslipte.

Ordførar i Gloppen Anders Ryssdal trur uansett at nedlegging av flyplassar ikkje vil gå gjennom i Stortinget, han set si lit til regjeringa sine samarbeidsparti KrF og Venstre.

–Eg meiner at Venstre og KrF i så fall går mot sine grunnprinsipp, og saman med Arbeidarpartiet og Senterpartiet vil dei vel halde oppe flyplassen, seier Ryssdal.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.