Hopp til innhold

Slike hallar bør fylket sjå seg råd til

Kombinasjonshallar som Ulsteinhallen poppar opp over det ganske land. Men ikkje her i fylket. – Ein slik hall bør ein også sjå seg råd til i Sogn og Fjordane.

Ulsteinhallen

ULSTEINHALLEN: Ulsteinvik, der friidrettskometen Karsten Warholm er fostra opp, har bygt seg innandørshall som både friidrett og ballidrettar kan nytte.

Foto: Ulsteinhallen

Det seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins, Narve Heggheim. Ein må tilbake til 2004 for å finne sist fjordfylket hadde individuelle utøvarar i eit sommar-OL.

Øyvind Strømmen Kjerpeset etter 200-meteren på Bislett

VAR NÆR: Øyvind Strømmen Kjerpeset lar seg inspirere av OL-innsatsen til sprinttalentet Karstein Warholm.

Foto: Rune Fossum / NRK

I Rio er Sogn og Fjordane eitt av fem fylke i Norge som ikkje er representert.

– Eg trur det er tilfeldig, men samstundes er det ikkje spesielt godt tilrettelagt for sommaridrettar i Sogn og Fjordane, seier Øyvind Strømmen Kjerpeset (Florø) som var nærast av våre å klare OL-kravet.

Avgrensa moglegheiter

Florø er den einaste staden i fylket der ein kan drive friidrett innandørs.

– Men der er det berre ei 100-metersstripe, så det er avgrensa kva ein får gjort der. Kast, til dømes, har ein ikkje moglegheit til. Med det klimaet vi har her, så treng ein veldig gode innandørsfasilitetar, seier Kjerpeset.

Det er Heggheim i friidrettskrinsen heilt samd i. Han meiner innandørshallar er nøkkelen.

Mørk klatt på kartet

Narve Heggheim

BORTSKJEMD: Dagleg leiar i Sogn og Fjordane friidrettskrins, Narve Heggheim, ser ikkje vekk ifrå at dei mange lokale deltakarane i vinter-OL har gjort oss bortskjemde og kravstore når det kjem til sommar-OL.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Vi har ingen spesialhall for friidrett innandørs, men vi ser at nesten alle fylke i landet byggjer. Det er bygt ti hallar til no, og det kjem fleire. Sogn og Fjordane blir ein mørk klatt på kartet i nasjonal samanheng. Vi taper på rekruttering og på å utvikle toppidrettsutøvarar på sikt, seier han.

Heggheim seier ein slik hall kostar 50–60 millionar, men legg til at det er gode spelemiddelordningar. Han meiner fylket bår sjå seg råd til ein slik hall.

– Det handlar om å vere på linje med dei andre fylka eigentleg. For medan det er veldig bra utandørsanlegg, så blir vi akterutseglt treningsmessig utan hall, seier han.

Edrueleg i håpet

Øyvind Strømmen Kjerpeset forklarer korleis løpet hans var

ETTERLYSER: Florø har innandørshall for friidrett, men moglegheitene for trening er avgrensa.

Foto: Rune Fossum / NRK

Samstundes meiner Heggheim at ein bør vere edruelege i sine håp om OL-utøvarar frå fylket. Innan vinteridretten har Sogn og Fjordane hatt lang tradisjon med olympiske deltakarar.

I eit sommar-OL deltek fleire nasjonar og utøvarar. Det gjer krava strengare og nålauge trongare for å kvalifiserer seg.

– Historisk er det fleire OL vi ikkje har hatt deltakarar frå fylket, så ein må ha historia med seg. Og ein må sjå på folketalet i Sogn og Fjordane. Det er ikkje gitt at vi skal ha utøvarar med i eit OL, seier han.

– Eg seier ikkje at vi skal ynskje eller håpe, men vi legg lista veldig høgt om ein skal ha ein friidrettsutøvar med i kvart, eller annakvart, OL, avsluttar han.