Hopp til innhold

Slik kan du vurdere skredfaren i påskefjellet

Med heilt enkle grep kan du unngå å bli teken av snøskred i påskefjellet.

Kva slags faresignal skal ein sjå etter i snøen når ein er til fjells?

SJÅ VIDEO: Kva faresignal bør du vere på vakt over når du ferdast i fjellet?

Påska betyr stor utfart til sjøs, skog og fjell, men det er ikkje alltid at naturen spelar på lag.

I vinter har fleire personar blitt tekne av snøskred. Berre på dei tre siste dagane har truleg fire personar omkome i snøskred. Tre av desse er snøscooterkøyrarar sakna etter eit snøskred på Senja tysdag ettermiddag.

– Det beste arbeidet ein gjer, er å vurdere kor bratt det er før ein legg ut. Bruk kartet, brattheitsmålar eller brattheitskartet som ein finn på xgeo.no, seier Birgit Rustad som observerer snøskredfaren i Sunnfjord for Norges vassdrags- og energidirektorat.

Stor snøskredfare

Skredvarslingsstenesta varsom.no vurderer denne påska skredfaren til å vere på det høgste i Harstad, Vesterålen og i Lofoten. Det betyr at skiløparar/skuterkøyrarar vert oppmoda om å halde seg unna alt skredterreng.

Skredfaren er størst i dei nordlegaste delane av landet. I Sør-Norge er skredfaren moderat.

– Vêr forsiktig i terrengformasjonar som samlar fokksnø og i område med tynt snødekke der svake lag i snødekke kan tryggast, lyd oppmodinga til påsketuristane i fjellet.

Sjekk skredfaren

Skredfaren kan ha mange årsaker og kjenneteikn, men føresetnaden er terreng brattare enn 30 grader og at snødekket er ustabilt.

Dei fleste snøskred losnar naturleg, men mange blir også utløyste av menneske. Årleg døyr mellom tre og fem personar i snøskred. Rustad seier det er mykje ein sjølv kan gjere for å unngå å bli del av statistikken.

(Artikkelen held fram under videoen)

Korleis måle terrenget for å finne ut kor bratt det er?

SJÅ VIDEO: Slik kan du sjølv måle kor bratt terreng du ferdast i.

– Når du høyrer dronning i snøen, at du kjenner snøen set seg, så er det ein indikasjon på at det er eit svakt lag i snøpakket, seier Rustad.

Med heilt enkle grep kan ein sjølv vurdere kor bratt terrenget er, og korleis eigenskapen til dei ulike laga i snøen er.

– Faren med svake lag er at det kan kollapse og snøen glir ut, seier Rustad.

Kva må ein gjere for å grave ein snøprofil som skal fortelle oss noko om snøforholda?

SJÅ VIDEO: Slik kan du finne ut meir om eigenskapane til dei ulike laga i snøen.