Hopp til innhold

Ekspertane: Sogndal må bli betre offensivt for å klare ein sesong til i eliteserien

Dei gler seg over ny eliteseriekontrakt, men er frustrerte over tidvis elendig innsats på heimebane. Slik vurderer fotballekspertane sesongen for Sogndal.

mane

STANG UT: Malick Mane med ein av mange sjansar mot Aalesund i går. Det har vore mykje stang ut for Sogndal i år.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

12. plass i serien, men tap i sesongens siste kamp heime mot Aalesund. Og berre sju poeng på dei 10 siste kampane. Men viktigast av alt, ny eliteseriekontrakt på plass.

– Ein må jo berre seie at uansett korleis det gjekk i siste kampen og korleis hausten har gått føre seg, så er det alltid ein sterk prestasjon av Sogndal å klare seg i eliteserien. Det må ein aldri gløyme, særleg med tanke på kor mange ein mista framfor årets sesong, seier Endre Romøren til NRK.no.

– Nok av utfordringar

Som fotballjournalist i Sogn Avis måtte han registrere at spelarar som Kenneth Udjus, Badji, Henrik Furebotn og Per Egil Flo forsvann før sesongen og i sesongen.

– I ly av det er det godt gjort å klare seg, nok ein gong.Samstundes har hausten synt at laget har nok av utfordringar, som dei er nøydde til å ta tak i for at det skal gå bra enda ein gong.

– Kva er dei største utfordringane framfor neste år og ein ny sesong i eliteserien?

– Det vart jo tydeleg igjen mot Ålesund at Sogndal har ei målvakt som er nøydd til å gjere det betre enn han gjorde i år. Det er sikkert nok av potensiale i Dahlin. Men ein kan ikkje gjere tre, fire, fem solide keepertabbar over ein heil sesong igjen. Det blir for kostbart når det kjem til poeng, seier Romøren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dahlin

FÅR KRITIKK: Erik Dahlin har vakta målet til Sogndal i år. Han har potensiale, men har gjort for mange tabbar, meiner Endre Romøren.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

– Sterk prestasjon

Han meiner også at laget har ein god del å gå på når det gjeld eige spel og når det gjeld det å kunne styre kampar.

– Det blir vanskeleg å gå gjennom ein sesong utan å kunne ta tak i kampane sjølve. Det må dei gjere noko med. Sjølv om ein kan late seg frustrere over ein svak haustsesong så er totalen det aller viktigaste.

– Sogndal blir nummer 12 i landet, og det er ein sterk prestasjon utan tvil, sler Romøren fast.

– Driftigare og modigare

Jon Navarsete har i mange år vore ein av dei har følgd Sogndal tettast. Først som spelar på toppnivå, sidan som journalist. Han meiner at ein må kunne stille krav om større innsats, ikkje minst på heimebane neste sesong.

– Det handlar om å bli driftigare, modigare og syne at her vil vi verkeleg ut og vinne. Vi har hatt gode kampar på Fosshaugane også, men ikkje mange nok, seier Navarsete.

Han peikar på at laget hadde ein rimeleg god vårsesong, og at optimismen var stor både i og utanfor fotballmiljøet på Campus i Sogndal.

– Så har det vore ein blodfattig haust. Vi har skåra færrast mål i eliteserien, 33 på 30 kampar. Det fortel at vi må utvikle den offensive delen av spelet meir. Vi skårar ikkje på nok av sjansane ein klarer å skape. Det er ein kombinasjon med at vi er altfor forsiktige og litt feige i ein del av heimekampane, seier Navarsete.