Hopp til innhold

Slik viser dei fram fylket i Oslo

Klokka 12 i dag gjekk startskotet for arrangementet som etter planen skal vise fram alt det Sogn og Fjordane har å by på.

Sjå video frå dagens "Åtgaum" arrangement på Youngstorget.

SJÅ VIDEO: Folk kunne høyre musikk frå fylket, smake på mat og drikke frå fylket og bli kjent med arbeidsplassar og fritidstilbod under arrangementet på Youngstorget i Oslo.

«Åtgaum» som arrangementet så fint har fått namnet går av stabelen på Youngstorget i Oslo søndag. Dette er ein del av markeringa av at Sogn og Fjordane fylke er 250 år, og kva er då meir naturleg enn å vise fram kva fylket kan by på av opplevingar, kultur og arbeidsplassar for å nemne noko.

I Oslo skin sola frå blå himmel, og folk har allereie byrja fylle opp området. NRK snakka med leiar i Framtidsfylket, Gro Rukan, nokre minutt før det starta, og ho var over seg av begeistring.

– Det kunne ikkje blitt betre. Eg har drøymt om sol og fint vêr, og eg trur sjeldan eg har sjekka vêret så mykje som den siste veka. Dette er heilt fantastisk, seier ho.

– Eit visittkort frå Sogn og Fjordane

I løpet av dagen kan alle som vil ta del i dei mange forskjellige aktivitetar, smake på mat og drikke frå Sogn og Fjordane, høyre musikk frå fylket, møte lag, organisasjonar og verksemder frå fylket.

Målet er å vise fram det mangfaldige næringslivet, den spennande og varierte arbeidsmarknaden og at kultur og idrettslivet har stor spennvidd. I tillegg får folk vite meir om festivalar og reiseliv og dei flotte naturopplevingane som er like utanfor stovedøra, står det mellom anna i programmet.

– Eg håpar vi greier å ha ein hyggjeleg dag, det er førsteprioritet. At folk kan få oppleve eit lite visittkort frå Sogn og Fjordane og har det kjekt saman med oss, seier Rukan.

(Artikkelen held fram under biletet)

4H er blant representantane frå Sogn og Fjordane som er med på arrangementet Åtgaum på Youngstorget i Oslo søndag 5. mai.

POPKORN: 4H er blant dei som har stand på Åtgaum. (Foto: Karl Kristian Langeland).

Eva and the Heartmaker spelte for alle frammøtte på Åtgaum i Oslo søndag.

SPELTE: Eva and the Heartmaker på Åtgaum

Loddar ut «opplevingspakke»

«Åtgaum» betyr å vekkje merksemd, og det er nettopp målet med det rikhaldige programmet på arrangementet.

Ein heldig person som er på plass for å få med seg arrangementet blir plukka ut som vinnar av «Sogn og Fjordane-gåva», ei gåve som på mange tankar er ein opplevingspakke frå fylket.

– Den har ein verdi på over 70.000 kroner, med opplevingar, som opphald på forskjellige hotell, festivalpass til forskjellige festivalar. Rett og slett ei gåve der ein kan bli kjent med Sogn og Fjordane, seier Rukan.

– Trur du eit slikt arrangement vil vekkje åtgaum?

– Eg trur at dei fleire tusen som eg håpar kjem vil ha ein hyggjeleg dag, og eg håpar at det kan vekkje merksemd. Vi har mange representantar frå fylket som skal by på seg sjølve, og eg håpar mange får ei positivt oppleving av Sogn og Fjordane.

Gro Rukan klar for Åtgaum i Oslo

SPENT: Gro Rukan i Framtidsfylket håpar fleire tusen tek turen innom Åtgaum i dag.

Foto: Karl Kristian Landeland / NRK