Hopp til innhold

Slik ville dei fange naustdalsulven

Sunnfjordingar vart sjølv offer for si eiga kreative, og ulovlege, innretning.

Ulovleg ulvefelle i Sunnfjord

ULOVLEG: Naustdalsulven sine herjingar enda til slutt, men det var ikkje denne ulovlege innretninga som stogga ulven.

Foto: Politiet

Mennene i 30-åra kunne blitt dei første på 64 år som fanga ulv i Sogn og Fjordane. I staden må dei punge ut til saman 22 000 kroner for den ulovlege fella.

Den eine er også dømd til fengsel i 18 dagar med prøvetid på to år. Han er også frådømt retten til å drive jakt i eitt år.

– Fellefangst av ulv er ikkje tillate. Feller for levande gaupe, jerv, rev og grevling er lov, men det er krav til utforming og fellene skal godkjennast av fylkesmann eller kommune, seier Rein Arne Golf hos Statens Naturoppsyn.

Levande ulv

Ulovleg ulvefelle i Sunnfjord

LEVANDE: Ulven ville bli fanga i nettet når utløysarmekanismen vart utløyst.

Foto: Politiet

Det var sommaren og hausten 2014 at den mykje omtala naustdalsulven kravde livet til minst 160 sauer i Gloppen, Naustdal og Førde. Fleire jegerar fekk fellingsløyve på ulven, men ein bestemte seg for heller å prøve å fange den levande.

Innretninga var laga av elastisk tau, nett og syrekanner, med daud geit som åte.

– Dersom dei lukkast, var intensjonen å overlevere ulven til veterinær eller frakte ulven vekk, skriv tingrettsdommar Gunhild Grove.

Tilstod utan atterhald

Kameraten slapp med 12 000 kroner i bot for brot på viltlova paragraf 56, for «under særlig skjerpende omstendigheter å ha drevet jakt eller fangst på en slik måte at viltet ble utsatt for unødige lidelser».

«Hovudmannen» derimot måtte i retten og tilstod der utan atterhald. Han fortalde også at dei hadde organisert tilsyn av fella.

Innretninga var lett å sjå i terrenget på ein stad der det var unaturleg å gå tur. Retten la også til grunn at andre dyr eller menneske lite truleg ville løyse ut fella.

– Det er likevel snakk om eit alvorleg brot på viltlova og allmennpreventive veg tungt, skriv Grove.