Hopp til innhold

Denne brua blir nær to kilometer lang

Brua over indre Nordfjord blir så stor at det byr på krevjande utfordringar for planleggarane bak eitt av dei største vegprosjekta i fylket nokon sinne.

Bru over Nordfjord

STØRRE ENN DET STØRSTE I FYLKET: Slik ser Statens vegvesen for seg brua i Indre Nordfjord. Dei stipla linjene er tunnel. Brua vert nærmare to kilometer lang.

Foto: Statens vegvesen

Sjå for deg brutårn som ragar høgare enn bensinstasjonen på Langesethøgda vest for Stryn. Ein bensinstasjon som alle som har køyrd mellom Eid og Stryn har passert.

Brua blir nær to kilometer. Det byr på utfordringar.

Bratte fjell og lite areal

– Problemet er at vi får ei bru som kryssar ein fjord med relativt bratte fjellsider på begge sider. Skal vi kome oss vidare må vi i tunnel på begge sider av fjorden, seier vegplanleggar Kurt Skagen i Statens vegvesen.

Torsdag diskuterte Statens vegvesen framdrifta på den nye E39-traseen med Gloppen, Stryn og Hornindal kommunar. Prosjektet skal på høyring til våren.

– Utfordringa er å finne ein tenleg og kortast mogleg veg frå Stryn og Riksveg 15 inn på E39, seier Skagen.

Det er i dag strenge krav til avstand mellom ein tunnelmunning og eit etterfølgande kryss. Det ikkje plass til kryss etter brua før tunnelen startar.

Planlegg E39 i Nordfjord

STORE TING PÅ GANG: Desse tre sit i førarsetet når nye E39 vert planlagd. Frå venstre Bjarte Sandal, Kurt Skagen og Åse Birgitte Berstad, alle i Statens vegvesen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Etter dagens reglar er det ikkje lov å leggje E39 - Riksveg 15-krysset inn i tunnelen, men ein kan søkje om unntak frå reglane.

Skagen og kollegaene har sett på alternativ som gjer kalkulatoren varm.

– Bru lenger vest, ved Faleide, aukar brulengda med 300 meter. Det har enorme konsekvensar for kostnadane, seier Skagen og fortel at det aukar kostnadane med 50 prosent.

Og heller ikkje på Faleide er det enkelt å få til eit godt kryss.

Optimistisk ordførar

Stryn-ordføraren var svært nøgd etter møtet.

Sven Flo

GÅR FRAMOVER: Høgre-ordførar i Stryn, Sven Flo, er svært nøgd med framdrifta i arbeidet med å planlegge E39-traseen gjennom kommunen. –Vi kom absolutt eitt steg vidare, seier han.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det har vore eit veldig godt møte. Veldig konstruktivt, seier Sven Flo (H).

Flo meiner der er både gode og mindre gode alternativ til bru.

– Jo lengre brua er, dess vanskelegare er det å snakke om økonomi, noko Statens vegvesen er opptekne av. I tillegg har vi utfordringar knytt til etablert busetnad, kulturminne og rasfare, påpeikar Flo.

Fleire alternativ på Byrkjelo

På Byrkjelo-sida greier ein ut fleire alternativ for tunnelinnslaget gjennom Utvikfjellet.

– Byrkjelo er ei jordbruksbygd. Ingen område peikar seg automatisk ut som eigna, seier Skagen.

Innslaget til tunnelen i Utvik kjem nord om Karistova, men framleis over busetnaden. Vidare er det tenkt tunnel mellom Utvik og Innvik og frå Innvik til brufestet.

Planleggaren i Statens vegvesen seier prosjektet har ein uvanleg dimensjon.

– Kommuneplanen strekkjer seg gjennom tre kommunar. Vi planlegg nesten fem mil med ny veg i eit jafs. Det er større enn alt anna eg har vore med på, og prislappen til slutt blir truleg større enn noko enkeltprosjekt vi har hatt her i fylket, seier Skagen.