NRK Meny
Normal

Slik vil Helse Førde få pasientane fortare friske

FØRDE SENTRALSJUKEHUS (NRK): Det nye matprosjektet til Helse Førde er først og fremst eit tiltak for å betre pasientane sin kvardag. Men dei trur også at prosjektet vil bety langt meir enn det.

Hans Inge Breivoll og kona

FEIRA MED KAKE: Både pasientar og tilsette fekk nyte marsipankake denne onsdag for å markere matprosjektet. Hans Inge Breivoll og kona hans fekk også smake. Breivoll meiner Helse Førde er flinke til å sørge for god og variert mat etter pasientane sine behov.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det er mykje medisin i god mat og det er noko av grunnen til at Helse Førde no satsar meir på betre og meir variert mat. I dag vart prosjektet Mat og menyutvikling markert på Førde Sentralsjukehus.

Kjøkkensjef Førde sjukehus, Elin Haugen

POSITIVT PROSJEKT: Det meiner kjøkkensjef ved Førde sentralsjukehus, Elin Haugen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi skal gå breiare ut på matfronten i og med at vi har laga ein menybank. Alle kokkane i Helse Førde har slege hovuda i hop og plukka fram gamle og gode oppskrifter og det som let seg lage i store porsjonar, seier kjøkkensjef Elin Haugen.

Meir variert mat

På kjøkkenet på Sentralsjukehuset er det liv og røre. På den eine kanten blir det laga kebab og på den andre skillingsbollar og skulebollar. Gjennom samlingar med kokkane frå alle avdelingar i Helse Førde delar dei kunnskap.

– Pasientane får meir variert mat ved at vi har slike kokkesamlingar. Mange kokkar kjem med framlegg og vi byter ut menyen. Pasientane får også glede av dette, seier Haugen.

matprosjekt helse førde

BAKEGLEDE: Det er ekstra kjekt for dei kjøkkentilsette å bake og lage mat når resultatet er godt og ferskt når det blir servert.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Under markeringa onsdag tok Helse Førde-direktør Jon Bolstad for seg kva rolle maten faktisk spelar. Han siterte filosofen Hippokrates som sa «La maten vere din medisin, og medisinen din mat». Og kjøkkensjefen meiner det er mykje sanning i desse orda.

– Det er jammen på tide at ein begynner å fokusere på det. At Hippokrates har fått snakke om det for så mange tusen år sidan og vi ikkje har tatt lærdom av det enno, det synest eg rett og slett er ei skam, seier ho, og ler.

Til glede for både pasientar og tilsette

Men det er ikkje berre pasientane som får nyte godt av variert mat. I tillegg til at både tilsette og andre kan kjøpe med seg maten heim, får dei tilsette servert mat på jobb.

– Med dei travle dagane dei har blir det kjempegodt motteke å få mat servert i kantina som er laga same dagen, seier Haugen.

Rønnaug Birkeland Flaten

NOKO FOR ALLE: Avdelingsleiar for pasientkafeen, Rønnaug Birkeland Flaten, seier kafeen tek omsyn til alle pasientane, med eller utan matlyst.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

På pasientkafeen i 8. etasje på Sentralsjukehuset skal prosjektet vere synleg. Her blir maten sett fram til faste tider, i tillegg til maten som står der heile tida.

Dermed kan pasientane sjølv velje når dei vil kome, kva mat dei vil ha og ikkje minst kor mykje. For når ein er sjuk er ikkje alltid matlysta på plass. Då er det greitt å kunne velje sjølv.

– Vi får berre gode tilbakemeldingar frå pasientar. Dei kjem og takkar oss for god mat og ser nøgde ut. Vi ser at praten går lett rundt bordet. Det gjer også at dei kanskje et meir og kjem seg fortare til hektene igjen, seier avdelingsleiar Rønnaug Birkeland Flaten.

Matprosjekt helse førde

AVDUKING: Avdelingssjef i Helse Førde, Torstein Solstad, avduka mattralla som skal trille rundt i gangane på sjukehuset slik at pasientar og tilsette kan få kjøpe mat.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.