Hopp til innhold

Slik vil han lokke turistar til Vestlandet

Kayak the Fjords blir den nye storsatsinga som skal lokke fleire turistar til Norge.

Tom Erling Bahus

SATSAR PÅ KAJAKK: Leiar for styringsgruppa, Tom Erling Bahus.

Foto: Privat

Denne veka kjem dei første turoperatørane frå USA, Frankrike og Skottland for å sjå på satsinga.

– I dag landa det fleire internasjonale turoperatørar på Flesland, dei er no på Sotra for å innføring i det grunnleggande med kajakkpadling, før dei etter kvart kjem til Solund, seier Tom Erling Bahus, som er leiar i styringsgruppa.

Vestlandssamarbeid

Det er NCE Tourism Fjord Norway, Visit FjordKysten og aktivitetsleverandørar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som samarbeider om prosjektet.

– Tanken er at utanlandske turoperatørar skal selje vårt produkt her i regionen som primært eit kajakktilbod, men det kjem og til å vere tilbod om andre aktivitetar.

Kajakk

FOR HEILE FAMILIEN: Her er ein glad gjeng på padletur ved Litle Færøy i Solund.

Foto: Privat

For alle

Kajakkpadling set eit vist krav til forkunnskapar, men Bahus seier dei kjem til å legge det opp slik at det skal vere for alle.

– Den pakkeløysinga som vi no testar ut inneber at alle får opplæring. Det er viktig for oss at alle har nok kunnskap til å kunne delta på padleturar i Solund og Nærøyfjorden.

Stadig fleire spør etter no moglegheiter til aktiv ferie

– Det er ikkje tvil om at aktivitetsturisme har auka kraftig dei siste åra. Mange har satsa på sykkel og fotturar, men sidan nokre av oss sit i Solund meinte vi at kajakk var det rette for oss. Dette er også heilt i tråd med det som FjordNorge jobbar med, der kajakk er ei av hovudsatsingane, seier Bahus.

Går tilbodet heim hjå turoperatørane, som denne veka er på testtur, er målet å ta i mot dei første gjestene til våren.