NRK Meny
Normal

Slik vil han få turistar til å leggje att meir pengar på Vestlandet

I Loen i Nordfjord er det planar om ein gondolbane til 160 millionar kroner. Hotell Alexandra håpar dette kan trekkje 70.000 personar til bygda kvart år.

Created by InfoDispatcher

STORE PLANAR: Hotelldirektør Richard Grov syner planane for gondolbane i Loen.

– Her har du startplattforma og returplattforma, seier Richard Grov, som eig Alexandra hotell.

Hotelleigaren i Loen har store vyar for framtida. På fjellet Hoven kan det kome ei gondolbane til 180 millionar kroner.

– Vi ser for oss at utsiktsplattforma skal gå ut i lause lufta. Du får verkeleg oppleve høgda og wov-faktoren, seier Grov.

I fire generasjonar har hotellfamilien i Stryn drive eit av dei mest kjende hotella på Vestlandet.

Ser at reiselivet slit

Men direktøren ser at reiselivet strevar med å skape inntekter. Han vil ha fleire turistar som faktisk legg att pengar.

– Vi har eit reiseliv på Vestlandet som slit. Vi har hatt ein nedgang over mange år på turistar inn i landet. Vi har fått ein veldig auke på cruise i den seinare tid, men vi er opptekne av at også landbasert reiseliv skal ha ei framtid, seier Grov.

700 meter ovanfor hotellet kom i fjor hengebrua som alt har blitt eit populært reisemål.

Gondolbana skal få folk enkelt opp til 1000 meters høgde.

– Det er ikkje nok å stå på utsida og sjå. Du vil gjerne inn og ta del i opplevinga, seier Grov.

Trur ikkje folk vil ha masseturisme

Men ikkje alle meiner kostbare gondolbaner kler naturen langs fjordane. Torill Bennæs er ei av fleire som har skrive protestinnlegg i lokalavisa.

– Folk vil ikkje ha masseturisme i dag. Eg er redd for at det er å sage av greina som ein sit på, seier Bennæs.

Men hotelldirektøren meiner inngrepet ikkje vil vere skjemmande. Saman med investorar skal han få bana klar om to år.

– Vi trur reiselivet vil forvitre utan generell satsing. Eg har sett veldig mange eksempel på at det då går berre éin veg, og så er det borte vekk, seier Grov.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå