Slik vil Fylkesmannen få deg som er ung med på ein konkurranse

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane går nye vegar for å nå ut til born og unge. No har dei laga sin eigen video. Ikkje for å promotere seg sjølve, men for å få dei unge med på ein konkurranse.

Sjumilssteget

ØNSKJER VIDEOAR: Magne-Bjarte Hatlem, Bodhild Therese Cirotzki og Line Pedersen Døsen håper born og unge vil sende inn videoar.

Foto: Fylkesmannen, Sjumilssteget

Mange hugsar kanskje Jon Blund i NRKs TV-serie Jul i Skomakergata. I kvar episode vart punkt frå FNs barnekonvensjon presentert for borna.

Sjølv om både Skomakergata og Jon Blund er historie, lever FNs barnekonvensjon i beste velgåande. I år fyller barnekonvensjonen 25 år, og i samband med dette ønskjer ein å skape litt aktivitet ute i kommunane blant born og unge.

Men dei tilsette hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane lurte ei stund veldig på korleis dei skulle nå ut til nettopp dei unge.

Snurr film

Til slutt gjekk dei for ei løysing der dei med mobilkamera og godt humør laga film for å invitere born og unge til å fortelje kva som er viktig for dei i barnekonvensjonen.

Det er embetsprosjektet Sjumilssteget som står bak. Ved bruk av Facebook og sosiale medium prøver dei å nå born og unge der dei er.

– Vi diskuterte litt om vi skulle bruke den vanlege standarden som Fylkesmannen brukar når det vert sendt ut brev til kommunane og legge ut informasjon på nettsida, seier Bodhild Therese Cirotzki er rådgjevar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i prosjektet Sjumilssteget.

Men slik vart det ikkje:

– Vi fann ut at vi måtte vere litt utradisjonelle om vi skal nå ut til målgruppa, seier ho.

25 årsfeiring

Prosjektet handlar om å setje i verk FNs barnekonvensjon i praksis. 20. november fyller barnekonvensjonen 25 år. I den samanheng ønskjer dei å skape litt aktivitet ute i kommunane i fylket vårt blant born og unge.

– Vi ønskjer at alle skal markere denne store bursdagen. Vi ønskjer sjølvsagt at alle kommunane skal ha ei markering, men det viktigaste for oss er at born og unge er delaktige i den markeringa.

Så bestemte dei seg for å lage ein film der dei utfordrar born og unge til å sjølv lage ein film om korleis dei ser på innhaldet i barnekonvensjonen, og kva som er viktig for dei.

Mykje merksemd

– Vi håpar at mange vil lage filmar. Dei ønskjer vi at dei legg inn på Facebook-sida vår. Der vil vi ha ei slags konkurranse mellom filmane som vert delt, der det vert kåra ein vinnar, fortel Cirotzki.

Ho håpar også at dei kan få bruke desse filmane i marknadsføring i ettertid.

– Det har vore over 6.000 som har vore inne og sett saka vi laga og mange har delt. Vi har aldri hatt ei nyheitssak hjå Fylkesmannen som har fått slik høge tal. I tillegg har vi fått mykje kjekke munnlege tilbakemeldingar, også nasjonalt, fortel Cirotzki.

No håpar ho mange vil lage filmar og sende inn til dei. Til no har det kome inn ein film på nettsida deira. Fristen for å sende inn film er 5. november.

Moro, men med alvor i botn

– Vi hadde det kjempemoro. Alle som er medverkande i filmen jobbar hjå Fylkesmannen og alle var positive til å vere med, fortel Cirotzki.

Ho seier filmlaginga har gjort noko med det interne klimaet på jobben.

– Det løyser litt opp, samstundes som det ligg litt alvor i botn. Det er ein fin måte å få spreidd eit bodskap på, legg Cirotzki til.

Sjølv trur ho ikkje born og unge veit så mykje om barnekonvensjonen.

– Dei veit nok at dei har ei eiga lov, men noko meir utover det trur eg ikkje. Det vi har erfart etter å ha drive prosjektet sidan 2012 er at barnekonvensjonen er ikkje så kjend, seier ho, men håpar å gjere noko med det med denne konkurransen

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.