Hopp til innhold

Slik vil dei styrke Astruptunet

Etterkomarar av kunstnaren Nikolai Astrup, søstrene Kari og Elisabeth Astrup, vil gje delar av garden sin i gåve til Jølster kommune, det skriv Firda Tidend. Dei to søstrene eig eit lite småbruk som er skilt ut frå resten av Astruptunet, der det i dag er museum. Søstrene vil no gi både litt innmark, og ein god del utmark til kommunen. Dei håpar at det kan vere med på å styrke Astruptunet. Jølster-ordførar Oddmund Klakegg seier gåva betyr svært mykje for kommunen.

Astruptunet
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK