Animasjonsfilmen Frost har gallaførpremiere på Eid torsdag kveld, og der vart det gjort stas på fjordhesten, både i og utanfor Operahuset på Eid.
Asle Espe er driftssjef ved Norsk Fjordhestsenter, Asle Espe, er stolt og glad for at fjordhesten får merksemd, både på filmelerretet, men også under gallaførpremieren av animasjonsfilmen Frost.
– Dette er ei flott moglegheit til å få marknadsført fjordhesten. At han får ei så flott rolle i ein Disney-film, er vi veldig godt nøgde med. Vi treng nokre slike tiltak for å dra dette i gang, for det er motgangstider, seier Espe.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Er utrydningstruga
Fjordhestmiljøet håpar Disneyfilmen skal bere frukter. For det er ikkje til å leggje skjul på at sjølv om fjordingen er ein av verdas eldste hesterasar, har det vorte stadig færre eksemplar å sjå rundt om.
Det kjem berre knappe 200 fjordhestar til verda i året, og rasen er kommen på lista over utryddingstruga husdyrartar. Mange er uroa for framtida til rasen, som vert reknar som Norges nasjonalhest.
No håpar fjordhestmiljøet at interessa for fjordhesten skal snu – med god draghjelp frå Disney-storfilmen Frost.
– Fjordingen er spesiell både i farge og særpreg, og det er ofte tilfeldig kva dei som skal ha seg hest, vel. Vi håpar verkeleg at dette skal bidra, seier Espe.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Har høg status i USA
Og det er ikkje berre i Norge ein håpar interessa for den blakke slitaren skal ta seg opp. Marknaden er vel så stor over dammen.
– I USA er dei veldig opptekne av det norske, dei er på leit etter røter. Og vi veit at fjordingen har ein høg status, samanlikna med andre hesterasar. Så vi håpar dette skal gje resultat, seier Espe.
Fjordingen vart gjort ekstra stas på under førpremiera. Det skjer ikkje ofte at ein fjording er å sjå på scena på Operahuset på Eid, men i dag var eit eksemplar av arten til og med inne i Operahuset, vel og merke for å bli fotografert.
Hilde Kristin Strandos sat på hesteryggen under fotoseansen.
– Det var veldig kjekt. Det var spesielt. Det er ikkje kvar dag ein rir på ei operascene, seier Strandos.
Og den firbeinte takla det nye underlaget fint.
– Det gjekk veldig bra. Ho takla både lys og lydar heilt fint, seier Strandos.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Kontakta Disney sjølv
Operahuset Nordfjord er ein av svært få stadar som i dag har galla premiere på storsatsinga til Walt Disney. Filmen vert også synt i Stryn og Oslo og ein by til.
Elin Paulsen ved Operahuset tykkjer det er stas.
– Vi tek litt hevd på fjordhesten. Han er vår, og vi har eigarskap til han og er veldig stolte av han. Det skulle berre mangle om vi ikkje skulle hylle hesten på ein slik dag, når han no har vorte ei Hollywood-, Disney- og filmstjerne, seier Paulsen.
Ho tok rett og slett kontakt med Disney for å få premiera til Eid.
– Eg var tidleg i kontakt med dei og sa at vi kjenner veldig eigarskap til filmen. Dette er litt vårt. Eg sa at vi hadde lyst å tilby nokon i regionen ei litt eksklusiv førpremiere, seier Paulsen.
Ho legg til at Disney har vurdert fjordingen som så fin at han faktisk har vorte sjølvaste slottshesten i filmen.
– Det er vi utruleg stolte av, seier Paulsen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: