Hopp til innhold

Slik vil dei levere apotekvarene dine på døra

BALESTRAND (NRK): Apotekvarer eller post levert på døra av ein drone? Det er absolutt ikkje utenkeleg når to av fylkets største transportaktørar samlar kreftene til ei luftig satsing.

Stian Hårklau og Peter Midthun

OPTIMISTAR: Stian Hårklau (t.v.) og Peter Midthun annonserte den luftige ideen under næringsdagane i Balestrand. – Vi har grunn til å tru at vi skal få til noko. Om ikkje, så hadde vi ikkje gått på bana så høgt som vi gjer, seier Midthun.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi må sjå litt vidare enn berre godstransport på veg. No skjer utviklinga fort og vi ynskjer å sjå om det er grunnlag for å transportere i lufta, seier Peter Midtun, administrerande direktør i Firda Billag.

– Eit godt utgangspunkt

For dotterselskapet Transferd skal saman med helikopterverksemda Airlift sjå på moglegheitene for «produksjon av nye tenester» i lufta i framtida.

Då med drone som transportmiddel. Ideen presenterte selskapa framfor eit hundretals deltakarar frå næringslivet under næringsdagane i Balestrand i går.

KAN GJERAST: Transferd og Airlift har fått denne demonstrasjonsvideoen av korleis det kan fungere med luftig levering av varer, post og bodtenester.

– Vi ser at posten slit med servicegrad ute i distrikta, kraftbransjen har behov for å fornye sin verdikjede, du har overvaking av vegar, fjellområde, tunnelar og bruer. Alt dette er veldig relevant for vårt område i Sunnfjord. Difor meiner å ha eit veldig godt utgangspunkt, seier Stian Hårklau, administrerande direktør i Airlift.

– God forretningsidé

Selskapa er solide og erfarne på kvar sine område. Transport og logistikkverksemda Transferd med sine 120 tilsette og 80 lastebilar.

Airlift er den største Nord-Europeiske tilbydaren av innanlandske helikoptertenester, med 100 tilsette og 18 helikopter fordelt på sju basar.

Ei effektiv varelevering via luftvegen, meiner Midthun er ein god forretningsidé.

– Større og større del av bestillinga skjer over Internett og varene skal fram til sluttbrukar. Då trur eg ikkje løysinga er å køyre rundt med svære lastebilar til kvart einaste hus, seier han.

Spelar kvarandre gode

Samarbeidet er i startgropa. Under presentasjonen onsdag inviterte dei fleire aktørar med seg. Dei er allereie i dialog med kraftbransjen og har uformelt vore i samtale med fleire.

– Vi kan spele kvarandre gode ved å samle krefter på tvers av industriar og selskap, seier Midthun.

– Eg trur det er viktig at tunge lokale aktørar tek ansvar for å drive knoppskyting. Som store lokale selskap har vi eit visst ansvar for å sjå på moglegheitene som ligg i framtida, avsluttar han.

Stian Hårklau og Peter Midthun smiler

SAMARBEID: Stian Hårklau i Airlift og Peter Midthun i Transferd/Firda Billag håpar på at samarbeid mellom luft og bakke skal føre fram.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK